FESTØYA-SOLAVÅGEN (smp.no): Avgangar merka med B i rutetabellen på sambandet Festøya - Solavågen vart innstilt tysdag morgon, melder Fjord1.

– Vi får ikkje starta maskina etter å ha ligge stille på Festøya i natt, fekk smp.no opplyst frå MF «Hjørundfjord» som skulle gå i B-ruta.

Klokka 10.45 var ruta i gang igjen, opplyser ferjemannskapet til smp.no.

Følgsmp.no på Facebook

Ingen kø

Smp.no var om bord i avgangen som gikk fra Ørsta-sida rett etter klokke åtte. På den avgangen var det ingen biler som måtte stå igjen på kaia, men mannskapet frykter situasjonen kunne forverre seg utover dagen om innstillingen vedvarte.

Skipsførar Alvin Solem opplyste til smp.no at dei fekk ein elektrikar om bord i fartøyet ved ti-tida for å sjå på det elektriske styringsystemet. Det viste seg at det var ein lekkasje som var årsaka til problema.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Halvert kapasitet

Første avgang frå Festøya med B-ruta skulle ha vore 06.45.

Dei to ferjene på sambandet, MF «Storfjord» og MF «Hjørundfjord» har begge kapasitet til 122 bilar. Kapasiteten er med andre ord halvert med innstillinga.

Har du opplysningar eller bilde til denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400

MF «Storfjord» gjekk som normalt i A-ruta på sambandet tysdag morgon, men MF «Hjørundfjord» lå til kai på Ørsta. Foto: Anita Digernes