På Haramskonferansen tok Sparebanken Møre ordet og donerte 500.000 kroner til vegprosjektet.
- No skal vi bygge Hamnsundsambandet som ei direkte oppfølging av Nordøyvegen, sa Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk til applaus frå salen. Han er med ei ei støttegruppe frå næringslivet i Haram.
Det planlagde vegsambandet er tenkt å gå i tunnel frå Kverve på Ellingsøy til Kalvøya og på fyllingar til Hamnsund i Haram.
Når Nordøyvegen står ferdig, håper dei å halde fram med å bygge Hamnsundsambandet.
- Det er heilt avgjerande å få slike gåver slik at vi kan jobbe vidare med prosjektet, seier Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk i Søvika.
- Samferdsel er viktig for næringslivet, og et av Sparebanken Møre sine satsingsområde for vårt samfunnsengasjement, sa Robert Nerhus i Sparebanken Møre.
Dei største aksjeeigarane i selskapet er kommunane Ålesund, Giske og Haram. I tillegg er næringslivet i Haram og Sparebanken Møre med blant aksjeeigarane.
Med Hamnsundsambandet vil 70.000 innbyggjarar vere innanfor 30 minutts avstand frå Ålesund.