Meteorologisk institutt melde måndag at det kunne komme opptil 40 centimeter snø enkelte stader, men tysdag er dette oppjustert til 60 centimeter.

– Frå natt til onsdag er det venta snøbyer i fjellområda over 800 til 1000 meter over havet. Dette vil halde fram fram til torsdag ettermiddag. Lokalt kan det komme 25–60 centimeter snø i denne perioden. Det er også venta kraftig vind og snøfokk, skriv meteorologane på Yr.no.

Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane seier til Bergensavisen at folk bør førebu seg på kolonnekøyring og stengde vegar på veg over fjellet.

På delar av Vestlandet er det fare for jord- og flaumskred, skriv Varsom.

Farevarselet gjeld frå null til 800 meter, og er på gult nivå.

(©NPK)