Laurdag heldt Statens vegvesen kontroll på Nordfjordeid ved Skårhaug. Fokuset var på tunge køyretøy og varebilar, men også nokre personbilar blei vinka inn.

Mellom anna var det ein sjåfør som ikkje fekk køyre vidare før han hadde gjort endringar på syklane han hadde bakpå bilen.

– Syklane dekka for kjennemerke og baklys. Fekk bruksforbod, føraren måtte montere lysbjelke og merke slik at kjennemerke vart synleg, skriv Statens vegvesen i rapporten etter kontrollen.

Elles var det ein førar som blei meldt til politiet for å køyre utan gyldig førarkort då han ikkje hadde førarkort for den tilhengaren og bilen – hengaren måtte stå igjen på kontrollplassen.

Eit vogntog fekk bruksforbod og måtte laste om på staden på grunn av overlast på fråmakselen. Tilhengaren fekk også fleire manglar grunna bremsefeil.

To køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande lastesikring. Førarane måtte rette opp og sikre lasta før dei kunne køyre vidare. Den eine av desse fekk også teknisk mangel på grunn av lysfeil.

Åtte lette køyretøy fekk teknisk mangel grunna lysfeil – eit hadde også ABS og ESP-lampe som indikerte feil. Eit anna hadde også film på siderutene.

Totalt var det ni tunge og 19 lette køyretøy som blei kontrollert.