Samtidig auka prisane med 5,8 prosent i fjor. Dermed fekk dei fleste mindre kjøpekraft i fjor.

For lønnstakarar under eitt viser førebelse tal at veksten i gjennomsnittleg årslønn frå 2021 til 2022 var på 4,4 prosent.

– Lønnstakarar med ei slik årslønn og lønnsvekst, har fått ein nedgang i reallønn etter skatt på 1 prosent frå 2021 til 2022, opplyser TBU.

Det såkalla frontfaget dannar grunnlaget for hovudlinjene i lønnsoppgjeret i Noreg, og i fjor vart det semje om ei ramme på 3,7 prosent. No viser det seg at lønna innanfor dette området auka med 4 prosent.

TBU sørgjer for at partane har likt talgrunnlag og ei mest mogleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi når dei skal forhandle om lønnsoppgjeret.

Årets oppgjer er eit mellomoppgjer, noko som betyr at det berre skal forhandlast om lønn.