– Pressekonferansen bidreg ikkje til å dempe alvoret i saka. Det er utruleg å høyre at ho har vore inhabil i meir enn halvtanna år, seier Listhaug til NRK.

– Feil kan ein gjere, men ho får altså eit varsku frå Frode Elgesem 3. mars, som ho lèt vere å følgje opp. Då verkar det som om ho ikkje forstår kva habilitetsreglane består i eller kvifor det er viktig å følgje dei. Det er heilt utruleg at ho ikkje har vakna før, seier Listhaug.

Frp-leiaren tok tidlegare tysdag til orde for at saka om Tonje Brennas habilitet bør opp i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

– Dette er ei svært alvorleg sak. Det er utruleg at Brenna ikkje har sett farane. Det dreier seg ikkje berre om venner, men eksen og mannen ho har barn med. Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité bør gå inn i saka, seier Listhaug til VG.

På spørsmål om ho har tillit til Brenna, seier Listhaug at det først trengst meir fakta på bordet.

Tysdag vart det kjent at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) gav eit styreverv i stiftinga Wergelandssenteret til lagdommar Frode Elgesem, som ho no har erklært seg inhabil overfor. Dei to vart kjende då han var AUFs bistandsadvokat under 22. juli-rettssaka.

Stiftinga har gitt pengar til Utøya AS, der tre styremedlemmer er nære venner av Brenna. Ein av dei er Brennas ekssambuar Martin Henriksen. Brenna har erklært seg inhabil også overfor desse.

Statsminister Jonas Gahr Støre har slått fast at han har tillit til Brenna.

(©NPK)