Eit regjeringsoppnemnd utval foreslo i mars å innføre ein turistskatt for alle som kjem til Noreg. Dette skulle kompensere og dekke kostnadar på stadar med stor tilstrauming av turistar, men har ikkje blitt innført i forslaget til statsbudsjett for 2024. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Eit regjeringsoppnemnd utval foreslo i mars å innføre ein turistskatt for alle som kjem til Noreg. Dette skulle kompensere og dekke kostnadar på stadar med stor tilstrauming av turistar, men har ikkje blitt innført i forslaget til statsbudsjett for 2024. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Eit regjeringsoppnemnd utval foreslo i mars å innføre ein turistskatt for alle som kjem til Noreg. Dette skulle kompensere og dekke kostnadar på stadar med stor tilstrauming av turistar, men har ikkje blitt innført i forslaget til statsbudsjett for 2024. Foto: Tore Meek / NTB / NPK

Eit regjeringsoppnemnd utval foreslo i mars i år at alle som reiser til Noreg skal bidra med ein sum - som blei kalla turistskatt. Fylkeskommunen skulle fordele pengane vidare.

Dette skulle bli gjort for å kompensere og dekke kostnadar som stadar med stor tilstrøyming av turistar har.

I statsbudsjettet for 2024 står det at regjeringa ikkje foreslår ein ny turistskatt.

- Stortingets oppmodingsvedtak om å innføre ein kommunal/statleg turistskatt i samband med statsbudsjettet for 2024, blir følgd opp på eit seinare tidspunkt, står det.

Regjeringa har tidlegare sagt at dei vil ha på plass pilotar på turistskatt dei kan teste ut i løpet av året.

(©NPK)