Statens vegvesen gjennomførte tysdag ettermiddag og kveld ein trafikkontroll med fokus på tunge køyretøy på Ørskogfjellet. Totalt 36 tunge køyretøy vart kontrollerte.

Eitt føretak fekk 16.000 kroner i gebyr på grunn av manglande bombrikkeavtale, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Dette fordi føretaket ikkje hadde ordna bombrikkeavtale etter første pålegg på 8.000 kroner.

Elles vart fem gebyr vart gitt ut for manglande medbringa vognkort, eitt køyretøy vart avregistrert på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll.

Også fleire bruksforbod grunna mangelfull lastesikring, samt gebyr til førar og føretak på grunn av brot på køyre- og kviletidsreglar, vart gitt ut.

Eitt føretak vert meldt for brot på yrkestransportlova på grunn av brot på kabotasjereglar. Transporten fekk bruksforbod.