Tjuvar har tatt seg inn på byggeplassen til det som skal bli Geiranger Beredskapssenter i løpet av natta. Det har blitt stole lett elektroverktøy og laserutstyr, opplyser anleggsleiar for HT Bygg, Geir Frøysa, til Sunnmørsposten.

– Tjuveriet har skjedd mellom klokka 22.00 måndag og 07.00 tysdag. Nokon har klipt av hengelås og tatt seg inn i ein container. Det er fjerna lett elektroverktøy og laserutstyr som tilhøyrde vårt firma og eit anna, seier Frøysa, som legg til at byggeplassen var forskriftsmessig låst.

Han anslår at verdien på utstyret kan vere rundt 100.000 kroner.

Tjuveriet er politimeldt. Politiet, som har folk utstasjonert i Geiranger denne sommaren, har allereie vore på området, opplyser Frøysa.

Politiet opplyser tysdag ettermiddag at dei har gjort undersøkingar på staden. Det blir oppretta sak.