Klokka 00.42 ser det ut til at Høgre får fem og Frp fire representantar i kommunestyret i Skodje. Det blir til saman ni representantar, og ikkje fleirtal.

Terje Vadset (Frp) har vore ordførar, og Frp største parti, dei siste fire åra. Ein sterk utfordrar til ordførarstolen er truleg Modolf Hareide (Sp). Senterpartiet ligg an til fire representantar. Fire representantar får truleg også Arbeidarpartiet.