- Vi var ute og drog garn i dag tidleg. Då foreslo jentene at vi skulle fare til byen og selje den, det har dei aldri vore med på før. Det blir litt lange dagar med skulefri, så det var spanande for dei å få prøve ut dette, seier Jan Henrik Molnes.

Saman med døtrene Eila (9), Leni (snart 6) og niese Anna (12) står han på båten «Storm» og sel fersk torsk. Seljarane la til på Skansekaia klokka tolv i dag, og det var heldigvis lite konkurranse om kundane.

- Vi møtte på eit par båtar som forlot kaia då vi kom. Elles har det berre vore oss og båten ved sida av, seier Molnes.

Til no har jentene selt omtrent 11 fisk. Det er store mengder for nokon som er heilt ny i bransjen. Storseljarane tek 30 kroner per kilo, det blir litt av eit reknestykke og legge i hop når dei kjem heimatt.

Like god som borgundfjordtorsken

- Det her er det vi kallar kysttorsk, fisk som lever i området her. Alle masar om at dei skal ha seg ein borgundfjordtorsk, og helst skal dei fiske den sjølv. Men eg synes denne er vel så god!

Skal du ha deg ein borgundfjordtorsk, må du vente litt, ifølge Jan Henrik Molnes.

- Det er berre småtteri i borgundfjorden no. Eg reknar med den er der om to-tre veker. Det er mykje som speler inn, både månad og temperatur – det er ein heil vitskap!

Travel salsdag

Minstejenta Leni har satt seg inne i båten for å kvile litt.

- No må du kome å sjå korleis vi skjer fisken, Leni!

Det er travelt å vere storseljar. Teke av seg skoa har ho også gjort.

- Ein fiskar beheld alltid skoa på, seier pappa Jan Henrik. No skal han lære opp etterkommarane i ordentleg fiskesløying. Dei prøvar seg fram på rødspettene.

Fiskelukt på Hurtigruta

Gåande langs kaia kjem Sue og Brian Miles. Dei har kome til Ålesund med Hurtigruta. Sue er mektig imponert over dei tre jentene.

- Eg skulle gjerne kjøpt ein fisk eller to, men då trur eg det hadde lukta i heile Hurtigruta, seier ho og ler.

Paret frå South Wales i Storbritannia har vandra rundt i byen i heile dag, og vert ståande å prate med fiskarane.

- Kapteinen sa til oss før vi gjekk, «høyrer du eit tut, må du springe tilbake, høyrer du tre tut har vi allereie køyrt frå dokke», seier ho og ler.

Dei skal forte seg å sjå resten av byen før det tredje tut. Noko fersk fisk blei det dessverre ikkje på dei.

Kvalitetsfisk til kvelds

Det jentene ikkje får selt, skal dei få til kveldsmat.

- Kva trur du om det, Eila? spør pappa.

Ho rynker på nasen.

- Kva!? Dette er jo kvalitetsfisk!