Fjord- Norge sjef Kristian Jørgensen krevde ein meir langsiktig plan for utviklinga av vestlandet då Klima- og miljøminister Tine Sundtoft kom til Ålesund tysdag. Miljøministeren inviterte til frukost og paneldebatt kring temaet berekraftig bruk av natur- og kulturminne.

– Det er utenkeleg at USA skulle ha bygd ei kraftline over Grand Canyon, men vi har gjort det, seier Fjord Norge-sjefen.

Fjord Norge AS er det internasjonale markedsføringsselskapet for reiselivsnæringane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han viste til korleis kraftline-utbygging over Hardangerfjorden og no tillating til sjødeponi frå gruvedrift i Førdefjorden allereie har skada omdømmet til Norge som eit land med ikoniske fjordlandskap.

– National Geographic kåra Fjord Norge til det mest ikoniske reisemålet i verda i 2009. Det same ville aldri skjedd i dag.

Førdefjorden: Reiselivet var ikkje det viktigaste

Etter spørsmål frå ordstyrar Erik Aasheim var Miljøministeren innforstått med at saka om Førdefjorden er eit vanskeleg og komplisert tema med mange ulike interessentar, men ho gjorde det tydeleg at i denne saka var ikkje reiselivet sett på som ein viktig nok faktor for å stoppe dumping av gruveavfall i fjorden.

– I saka om sjødeponi i Førdefjorden var det ikkje reiselivsinteressene som vog tyngst. I kvar enkelt sak vil vi sjå på dei ulike sidene, men det er ikkje mogleg å gjere alle til lags, seier ho.

– Førdefjorden er ei sak som skadar omdømmet vårt utruleg mykje, seier Fjord Norge-sjefen.

– Her bygger vi ned førestillinga om Norge som eit land som tenker langsiktig og som satsar på berekraftig utvikling. Vi bygger ned vår framtidige inntekt, når vi i staden for kunna lagt kablar i rør og funne andre gode løysingar. Ja, det krev meir investering, men i det langsiktige løp vil vi tene på det.

– Det handlar om å vere i forkant

– Det handlar om å vere i forkant av den grøne veksten. Vi ser at luksusferien i stadig aukande grad no handlar om å ta ansvar og bevegar seg frå bruk- og kast mentaliteten. Men det er ei gjensidig forventning frå turistane om at vi skal ta vare på det vi har. Realiteten er at internasjonale medium og tunge aktørar innanfor reiseliv oppfattar at ein set i verk seg grep innanfor reiselivet her i Norge som dei ikkje skjønnar kvifor vi gjer. Det skjærer i hjarta deira å sjå at vi er såpass kortsiktige.

– Det er viktig å forstå at vi forvaltar ein kulturarv på vegner av heile verda. Vi skal utvikle vestlandet og tene pengar, men ikkje på kostnad av det mest unike vi har. Fjordane er heilt klart vårt viktigaste reiselivsprodukt, og reiselivsnæringa er den tredje største næringa på vestlandet. seier han.

Han viste til ein rapport frå Vestlandsforsking om kva som vil skje med Norge dersom vi bygger ned fjordopplevinga.

– Så mykje som 25 prosent ville velje bort Norge som destinasjon, noko som ville vere ein massiv kostnad for reiselivsnæringa. Eg kjenner på at det er ei fallande skute, og her må vi må tørre å ta eit meir langsiktig blikk. Det krev meir investering, men det er dette som må til for å få på plass berekraftige løysingar som tillèt økonomisk vekst og utvikling og samstundes tek vare på dei flotte fjordane, seier han.

Krev langsiktig plan

Fjord Norge- sjefen oppfordrar ministeren til at stortingsmeldinga tek med dei langsiktige perspektiva, og set opp ein «masterplan» for utviklinga av vestlandet.

– Vi trenger ein masterplan. Vi må finne ut korleis kan vi ta vare på opplevinga samstundes som vi doblar veksten dei neste ti åra. Vi må sjå ting i sin heilskap, og bli flinkare til å samarbeide. Vi har til dømes ingen felles tak for vestlandet, men fire ulike selskap og ingen moglegheiter for turistar å kjøpe billettar dei kan nytte på heile vestlandet. Dei viktige berebjelkane som må ligge til rette for ei heilskapleg oppleving er ikkje der, seier Jørgensen.

Ikkje cruse-næringa sin feil

– Cruise-anløpa som forureinar Geirangerfjorden, det skader omdømet til både cruisebåtane og reiselivet. Det kan ikkje vere slik det er no, det skaper harnisk og er heilt ute av kontroll. Her er ingen plan, det er ute av reiselivet sin kontroll og kontrollert av hamnene og ikkje av fornufta. Men det handlar ikkje om å redusere cruiseskipa, det er ikkje cruiseaktørane sin feil. Det er vår eigen feil. Det er mange ledige hamner rundt om i fjordane, og hadde vi hatt ein heilskapleg plan på førehand kunna vi ha unngått at nokre få fjordar får alt presset og dermed den forureininga det fører med seg. Vi hadde ingen plan. Turistmagnetane i Fjord Norge er ein suksess men eigentleg også ein fiasko, seier Fjord-sjefen.

Ordføraren tok opp påbod om landstraum

Miljøministeren nemnde både Ålesund og Geiranger som enormt viktige for norsk reiseliv, og ho sa at å bevare jugendbyen Ålesund og sikre at turistar vil kome hit i framtida også er ein del av det grøne skiftet.

Ordførar Bjørn Tømmerdal spurde Sundtoft om det er mogleg å få på plass eit nasjonalt påbod til cruisebåtane om å nytte landstraum for å redusere luftforureining og utslepp av klimagassar.

– Det går an, men det er ikkje mogleg for oss å gjere dette med mindre vi endrar på dei internasjonale standardane. Det er mogleg å avgrense, men det er ei vanskeleg avveging, seier ministeren.

Også til stades under debatten var gründer og partnar i inFuture Camilla AC Tepfers, forfattar Arild Moldstad, og administrerande direktør i NHO reiseliv Kristin Krohn Devold.

Fjord Norge- direktør Kristian Jørgensen Foto: Tove Elise Thue Dale
Tine Sundtoft inviterte til debattmøte på Arbeideren i Ålesund tirsdag 9. juni. F.v. ordføreren i Ålesund kommune Bjørn Tømmerdal, miljøminister Tine Sundtoft, administrerende direktør i NHO reiseliv Kristin Krohn Devold, forfatteren Arild Moldstad, direktøren i Fjord Norge AS, Kristian Jørgensen og gründer og partner i inFuture, Camilla AC Tepfers.