Ifølgje ferske tal frå Tollregion Vest-Norge, prøver like mange som i fjor å smugle narkotika inn i landet. Men mengda av somme typer narkotika som blir beslaglagt har gått kraftig ned.

Følg smp.no på Facebook

Nedgang

I løpet av det siste halvåret har Tollvesenet gjort 59 beslag av cannabis. Dette tilsvate 286 gram. Til samanlikning stoppa dei om lag same antal personar på same tida i fjor, men beslaget då låg på 1.397 gram.

Mengda narkotiske tablettar og dopingmiddel har òg gått ned sidan i fjor, med henhaldsvis 16.723 og 17.874 gram. Det har blitt gjort mellom 30 og 40 beslag av desse stoffa.

Meir alkohol

På same tid har antal beslag av brennevin, øl og sigarettar auka, men mengda varer er relativt lik første halvår i fjor.

I alt har 313 personar blitt anmelde for smugling i Vest-Norge det siste halvåret, det er 20 stykker fleire enn i fjor på same tid.