Ungdommens fylkesting (UFT) var i helga samla på Hotell Ivar Aasen i Ørsta. UFT er det øverste politiske organet til ungdommane i fylket. Vedtak fatta av UFT skal vere retningsgivande for fylkespolitikarane.

Ungdomane valte óg nytt Ungdomspanel (UP), og ny leiar blei Marcus Svenning frå Smøla.

Ungdomspanelet er Ungdommens Fylkesting sitt arbeidsutval, og skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune. UP har om lag ni møte i året. Ungdomspanelet har ni medlemmer, og har som oppgåve å drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter og sette i verk Ungdommens fylkesting sine intensjonar.

Dei som blei vald skal sitje i to år og kriteria var at ein skulle vere mellom 15- og 23 år samt ha tilknytning til fylket gjennom den aktuelle valperioden.

Det nye Ungdomspanelet er:

Leiar Marcus Svenning (Smøla)

Nestleiar Åse Kristin Ask Bakke (Sandøy)

Medlem Even Hendseth (Halsa)

Medlem Aurora Dimmen Bratli (Ulstein)

Medlem Simon Sandnes (Midsund)

Medlem Marthe Emilie Hansen (Hareid)

Medlem Audun Moen Skei (Surnadal)

Medlem Oda Monsen (Molde)

Medlem Solveig Sønderland Buvik (Molde)

Varamedlemmer

1. Rebekka Strandmann Hanssen (Norddal)

2. Eirik Wiik Lyngved (Haram)

3. Marie Solgard (Nesset)

4. Trym Lefdalsnes Gjørven (Sykkylven)

5. Åse Kristin Bjørneraas Hopen (Smøla)