– Eg veit om mange som har fått saka opp i halsen. Mange har sove dårleg sidan dei går og ventar på om dei skal få ein fjellhall rett under husa sine – eller kloakklukt i nærmiljøet sitt, seier Håvard Vollset Lien.

– Ålesund og Sula har mala seg opp i eit hjørne, meiner Bjørn Inge Furuli.

Håvard Vollset Lien (til venstre) og Bjørn Inge Furuli er engasjerte og har tidlegare snakka høgt om Kvasnes-anlegget, men pratar med innestemme når vi møter dei ute på ein veranda på Kvasneset ein aprilkveld. Foto: Marius Simensen

Dei snakkar om det nye felles reinseanlegget som skal kome på Kongshaugstranda, ikkje så langt frå der dei bur på Kvasneset.

Anlegget skal erstatte to av dagens anlegg i Sula, og fire av anlegga i Ålesund.

Prisen ligg akkurat no an til å kunne bli 2,1 milliardar kroner.

Bjørn Inge og Håvard er to av innbyggarane på Kvasneset i Sula som gjennom fleire år har stilt kritiske spørsmål om reinseanlegget.

Dei meiner at dei i liten grad har blitt lytta til av politikarane.

Skulle koste 178 millionar

Det var eigentleg ikkje på Kvasneset anlegget skulle ligge, men på Sunde. Og det skulle ikkje koste to milliardar kroner, men 178 millionar.

Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) har likevel gitt prosjektet mykje skryt.

– Aldri i Sula si historie har det vore eit prosjekt som har vore så godt planlagt, sa Røssevoll i Sunnmørsposten i juni 2021.

Andre meiner det har vore ein rotete prosess med mangelfull informasjon, og der ikkje alle har blitt tatt på alvor.

Og sjølv om vi nærmar oss planlagt byggestart er det framleis dei som meiner gigantanlegget ikkje er vedtatt enno.

To av desse er ordførarkandidatane Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundlista og Håkon Lykkebø Strand i Framstegspartiet.

Håkon Lykkebø Strand (til venstre) og Hans Kjetil Knutsen er to av dei to mest profilerte skeptikarane til Kvasnes-anlegget blant Ålesund-politikarane. Anlegget kan kome på Kongshaugen, like bak politikarane på biletet. Foto: Staale Wattø

– Administrasjonen i Ålesund opererer sjølve med omgrepet forprosjekt, men dei oppfører seg som om at anlegget er vedtatt, seier Knutsen.

– Vi veit ikkje om Kvasneset er det beste alternativet, sidan det ikkje er greia ut andre alternativ, seier Lykkebø Strand.

– Ikkje komplett

Det nye reinseanlegget blir det største prosjektet for både Ålesund og Sula nokon gong, men erstattar berre fire av dagens anlegg i Ålesund.

Hans Kjetil Knutsen er bekymra over det økonomiske ved Kvasnes-anlegget.

– Dei snakkar ikkje om alle kostnader. Eg er ikkje biolog eller ingeniør. Men eg reagerer på saksbehandling og pris, seier Knutsen.

– Kvifor?

– Kostnadsbiletet blir ikkje mindre av at du skal over Borgundfjorden. Berre fire av dagens anlegg skal erstattast, Larsgården, Breivika, Flisnes og Åse. Vi har mange utfordringar, blant anna på Aspøya, som ikkje blir løyst ved Kvasnes-anlegget. Prosjektet som no kostar 2,1 milliard er ikkje komplett. Og det har enno ikkje vore ute på anbod, meiner Knutsen.

Dei seks reinseanlegga i Ålesund og Sula markert i raudt skal erstattast av det nye anlegget på Kvasneset. Det store anlegget på Aspøya skal ikkje erstattast, men overheld ikkje reinsekrava. Ein må rekne med store investeringar i framtida for å utbetre Ålesund sine resterande anlegg. Foto: Datawrapper
Dei seks reinseanlegga i Ålesund og Sula markert i raudt skal erstattast av det nye anlegget på Kvasneset. Det store anlegget på Aspøya skal ikkje erstattast, men overheld ikkje reinsekrava. Ein må rekne med store investeringar i framtida for å utbetre Ålesund sine resterande anlegg. Foto: Datawrapper

Kritisk reinsesituasjon

Alle Sunnmørsposten har vore i snakk med er derimot einige om at reinsesituasjonen i kommunane er kritisk.

I dag går noko av kloakken rett på fjorden. Anna kloakk blir i reinseanlegg behandla med såkalla primærreinsing. Det vil seie at berre det grøvste av kloakken blir reinsa.

Spesielt er situasjonen i Borgundfjorden ille, der mykje avløp går rett i fjorden og har konsekvensar for miljøet.

Allereie i 2015 sa Statsforvalteren at begge kommunane braut forureiningslova.

Samtidig har krava til reinsing berre blitt strengare og strengare.

No er det sekundærreinsing som gjeld. Dette betyr at ein fjernar meir av det organiske stoffet.

Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll har fått ein del kritikk frå innbyggarar i saka om reinseanlegget på Kvasneset, men han meiner prosjektet er godt greia ut og heilt nødvendig. Foto: Marius Simensen

Protesterte mot Sunde

Denne saka starta i 2012.

Då vedtok kommunestyret i Sula å ruste opp reinseanlegga i Langevåg og bygge eit nytt på Sunde.

Jim Arve Røssevoll vart ordførar i Sula hausten 2015.

Då låg skisseprosjektet for Sunde-anlegget klart.

– Men etter berre nokre dagar på kontoret begynte protestane å kome, seier Røssevoll.

Saka tok derimot ein tvist då Ålesund kommune nokre månader seinare, tidleg i 2016, fatta interesse for å bli med på eit felles anlegg med Sula.

Kommunestyret i Sula vedtok to gonger same år at dei var positive til eit slikt samarbeid om anlegget på Sunde.

Les heile tidslinja og få oversikt heilt nedst i saka.

– Kva med Veibust?

Fram mot jul har tydelegvis nokon snakka saman.

13. desember 2016 heldt representantar frå administrasjonane i Ålesund og Sula eit møte på Sula rådhus om saka.

Eit nytt møte to dagar seinare, der også representantar frå Asplan Viak og Norconsult er representerte, viser at det må ha skjedd ein del dei siste dagane.

Ifølgje møtereferatet er det no ikkje likevel sikkert at Sunde blir plasseringa:

«Under møtet ble det også diskutert endret lokalisering for reinseanlegget. Er det aktuelt å flytte det til Veibust?»

12. januar 2017 gir Ålesund kommune eit oppdrag til Norconsult.

Det blir kalla «Revidering av felles avløpsrenseanlegg for Ålesund og Sula», og det blir elles vist til referatet frå møtet 15. desember.

For fleire har motivasjonen med anlegget på Kvasneset vore å få kloakken ut i Storfjorden. Foto: Staale Wattø

Protokollen som manglar: – Eit hol

Ingen Sunnmørsposten har snakka med meiner det er feil av administrasjonane i kommunane å jobbe saman om best mogleg løysingar for reinseanlegget. Det er jo jobben deira.

Men gjekk alt etter boka då det vart gått vidare med Kvasnes-alternativet?

Under eit formannskapsmøte i Sula på nyåret 2017 vart det gitt ei orientering frå administrasjonen. Dei skal ha fortalt at dei jobba vidare med Kvasneset som plassering.

Enkelte oppfatta at formannskapet gav tommelen opp, og at dette var som eit vedtak å rekne.

Problemet er at orienteringa aldri vart protokollført.

Håvard Vollset Lien var på denne tida kommunestyremedlem for MDG i Sula.

– Eg reagerer på at formannskapet gav grønt lys til å gå vidare med Kvasnes-alternativet, utan at kommunestyret vart orientert eller at det såkalla vedtaket i formannskapet i det heile vart protokollført, seier Vollset Lien i dag.

2. februar 2017 vart Kvasnes-alternativet første gongen omtala i media. Det skjedde i Sulaposten. Foto: Faksimile

– Når du ikkje kan finne vedtak eller orienteringar som er gitt til politikarar, som er avgjerande for den vidare prosessen, så er det ikkje godt nok, meiner Håkon Lykkebø Strand (Frp).

Også Jim Arve Røssevoll skulle ønskt at orienteringa vart protokollført.

– Det er mange saker der administrasjonen stiller spørsmål for å få munnleg aksept. Dei luftar noko og går vidare med det. Men ja, der er eit hol, og det er uheldig. Eg skulle gjerne ha hatt noko på papiret, seier Røssevoll, men legg til at ingen har tatt seg til rette.

Det var vinteren 2017–2018 det gjekk opp for Bjørn Inge Furuli at det kunne kome eit stort reinseanlegg i nabolaget hans. Foto: Marius Simensen

– Meiner vi var hysteriske

Mot slutten av 2017 begynte innbyggarane på Kvasneset å forstå kva som var i ferd med å skje.

I januar 2018 vart det arrangert eit ope folkemøte på Solevåg skule.

Møtet vart ampert.

– Det gjekk først rykte på bygda, før vi las om saka i lokalavisa. Men folkemøtet i januar 2018 var første gongen innbyggarane fekk seie meininga si. Det vart eit møte med temperatur og rabalder, og det var då eg begynte å engasjere meg i saka, seier Bjørn Inge Furuli.

Innbyggarar på Kvasneset følte at mykje vart halde hemmeleg. Dei danna ei eiga gruppe som jobba vidare med saka.

Dei gjekk gjennom rapportar frå Norconsult og laga spørsmåla ut frå funna dei gjorde.

Innbyggarane har engasjert seg innan mellom anna plassering, luktproblematikk, straumar i fjorden og andre miljøaspekt.

– Dei som har blitt svart ut er dei som har ropa høgast. Vi har blant anna stilt spørsmål om å sjå på kva som skjedde med liknande anlegg i Trondheim og på Eidsvoll. Vi har berre fått til svar at vi er hysteriske, seier Furuli.

Derfor snudde han

Sunnmørsposten skreiv ikkje om Kvasnes-alternativet før i februar 2018. Sidan den gong har saka blitt breitt omtala.

Likevel heng fleire spørsmål igjen i lufta.

For kva skjedde då Ålesund og Sula ein hektisk maikveld i 2018 bestemte seg for å gå vidare med Kvasnes-anlegget?

Berre to politikarar i kommunestyret i Sula røysta imot eit felles anlegg med Ålesund, uavhengig av plassering.

Ein av dei var Håvard Vollset Lien, som tidlegare hadde vore positiv til ideen.

For då kommunestyret i mars 2016 først fekk på bordet saka om eit felles reinseanlegg med Ålesund var Vollset Lien open for ein slik modell.

– Eg såg logikken i å tenke litt større. Kloakken måtte sanerast vekk frå Borgundfjorden. Så dette gav i utgangspunktet meining, og det ville vere idioti å ikkje greie ut, seier Vollset Lien i dag.

I mai 2018 tenkte han derimot annleis.

– Saka var for dårleg greia ut, meinte Vollset Lien.

Overraskande u-sving

Med 14 mot 13 røyster gjekk Sula-politikarane vidare med Kvasnes-alternativet saman med Ålesund.

Mange var overraska over at det enda slik.

For nokre dagar tidlegare var det ingenting som tyda på at Ålesund ønskte å gå vidare med samarbeidet.

Rådmann Liv Stette hadde nemleg sagt nei. Ho meinte 330 millionar kroner, som prisen då hadde stige til, vart for høg.

Dåverande Ålesund-rådmann Liv Stette ville ikkje gå for eit fellesanlegg på Kvasneset. Foto: Staale Wattø

Fleirtalet i formannskapet støtta henne. Men ikkje dåverande varaordførar Tore Johan Øvstebø (KrF).

– Eg var litt overraska over rådmannen sin konklusjon. Eg synest saksframstillinga var grundig. For min del vart miljøargumentet viktigast, seier Øvstebø i dag.

Då saka kom opp i kommunestyret var det Øvstebø sitt forslag om å gå vidare med samarbeidet med Sula om Kvasneset som vann gjennom.

Det skjedde etter at fleire parti snudde og støtta Øvstebø i løpet av møtet.

Tore Johan Øvstebø skulle gjerne sett at staten tok rekninga på reinseanlegga, men seier at beskjeden derifrå er at sjølvkost er sjølvkost. Foto: Staale Wattø

– Skote sporv med kanon

I 2021 godkjende både Ålesund og Sula forprosjektet til reinseanlegget på Kvasneset.

Dermed fekk ikkje Bjørn Inge Furuli og dei andre innbyggarane viljen sin.

Heilt sidan 2018 var dei tydelege på at det burde ha vore ein breiare prosess - og at det burde ha vore greia ut meir enn éi plassering.

– For om dette eine alternativet ikkje var godt nok så kjem ein i tidsklemma, og endar med å flikke på det alternativet ein har. Ein burde ha greia ut fleire alternativ i Ålesund eller Sula først, og deretter snevra inn, meiner Bjørn Inge Furuli.

– Men er ikkje prosjektet svært godt greia ut?

– Det er laga mange rapportar, men alle er bestilt ut frå at anlegget skal ligge på Kvasneset, så du kan seie at prosjektet er godt greia ut frå det dei har fått lov til å greie ut, seier Furuli.

– Dei har skote sporv med kanon. Prosessen har begynt heilt feil. Dei har valt ut ein lokasjon utan å kunne argumentert skikkeleg for at dei har valt berre den til å bli greidd ut. Kommunikasjonen tidleg i prosjektet har vore for dårleg. Vi har aldri fått sett dokumentasjon på opphavet til prosjektet. Kanskje har den vore munnleg, og det held ikkje i offentleg forvaltning, slår Håvard Vollset Lien fast.

Meiner plasseringa er ideell

Jim Arve Røssevoll har forståing for at mange, spesielt på Ålesund-sida, ikkje meiner det er greia ut mange nok alternativ.

– Dei som har følgt prosessen heilt sidan 2012 vil derimot ha fått med seg at mange lokasjonar har blitt vurderte, seier ordføraren.

Han nemner fleire plasseringar i både indre og ytre Sula.

– Det er nok rett at Ålesund ikkje har hatt nokon stor diskusjon internt. Men det er ikkje slik at ein har stukke fingeren ut i lufta og landa på Kvasneset. Den ligg midt i passarspissen med kort veg til ein god resipient. Det er det einaste logiske. Skulle vi ha valt annleis måtte det kanskje ha blitt Flisneset, meiner Røssevoll.

Er det vedtatt, eller?

Plasseringa av anlegget ser no uansett ut til å vere avgjort.

Men er det eigentleg bestemt at anlegget skal byggast? Og same kva prisen endar på til slutt?

– Om anlegget er vedtatt? I rein realpolitikk og praktisk politikk, så er det for så vidt det. Når kommunestyret gjorde vedtak om forprosjektet fatta vi også vedtak om detaljprosjektering utan at den skal tilbake til kommunestyret. Kommunestyret har også lagt inn dette i økonomiplanen, seier Jim Arve Røssevoll.

– Men det er rett at det ikkje er gjort eit reint ja/nei-vedtak, legg ordføraren til.

Også prosjektleiinga for reinseanlegget seier til Sunnmørsposten at det er vedtatt, og at byggestart er planlagt i januar 2024.

Krev omkamp

Ikkje alle politikarar er like nøgde med desse uttalane.

– Administrasjonen i Ålesund opererer sjølve med omgrepet forprosjekt. Men dei oppfører seg som om anlegget er vedtatt, seier Hans Kjetil Knutsen, som varslar at anlegget vil bli ein sentral del av haustens valkamp.

Han utdjupar:

– I alle andre saker er det snakk om eit forprosjekt og ei ramme. Her blir det plussa på litt etter litt. Og så har ein kome så langt at det blir vanskeleg å snu. Det er tydelegvis strategien. Det er ikkje lagt fram eit komplett forslag med ei økonomisk ramme. Eg har bedt om det fleire gongar, men får berre til svar at anlegget er vedtatt, utan at det kan dokumenterast, meiner Hans Kjetil Knutsen.

– Uforsvarleg å stoppe

Tore Johan Øvstebø er på si side ikkje bekymra for at det skal bli uforsvarleg dyrt å bygge anlegget.

– Nei, eg synest ikkje det. Det som vil vere mest uforsvarleg er å risikere total byggestopp i store delar av Ålesund.

Jim Arve Røssevoll meiner heile diskusjonen om pris er absurd.

– Å bygge og drifte seks anlegg for Ålesund og Sula, som skal vere komplette anlegg for sekundærreinsing. Klart at det blir dyrare enn å bygge eitt stort, meiner Røssevoll.

Han legg ikkje skjul på at prisen har stige, men meiner det vil vere uansvarleg å stoppe no.

– Mange kan miste jobben

Arbeidarpartiets Sindre Nakken i Ålesund var blant dei som stemte nei til prosjektet tilbake i 2018.

Ap-politikar Sindre Nakken går i rette med Lykkebø Strand og Knutsen som vil ha reinseanlegget som valkampsak. – Dette er altfor alvorleg til å drive populistisk valkamp på. Dei må ikkje setje Kvasnes-anlegget på spel, meiner Nakken. Foto: Nils Harald Ånstad

Han valte deretter, i god Arbeidarparti-tradisjon, å vere lojal til kommunestyret sitt vedtak.

Nakken synest ikkje historikken til prosjektet er interessant. Ein må halde seg til at det er gjort eit vedtak, meiner han.

– Er det ingen pris som er for høg for å få bygd dette anlegget?

– Klart det. Det er spådd omtrent ei dobling på kommunale utgifter over rundt ein tiårsperiode. Det merkast jo godt, men det blir ei gradvis stigning. Men ja, det går ei grense. Kostar det 10 milliardar kan vi ikkje belaste innbyggarane med det, seier Nakken.

Det siste meint som eit overdrive hypotetisk eksempel.

For Nakken er byggestoppen i begge kommunane det tyngste argumentet for at ein må halde fram med prosjektet.

– Kan ikkje byggeprosjekt realiserast før om fleire år, så får det store konsekvensar for utviklinga av kommunen. Dette vil også gå utover alle som er involverte og har arbeid med å planlegge, prosjektere, bygge, ferdigstille og så vidare. Det er mange handverkarar og andre som i ytste konsekvens vil miste jobben, seier Nakken.

I mai vedtok Sula kommune reguleringsplanen for reinseanlegget, av mange kalla det siste viktige vedtaket i saka. Men det skjedde ikkje utan debatt. Dette biletet er frå eit møte i planutvalet i april, der politikarane sleit med å bli einige om ei formulering. Foto: Marius Simensen

Let seg ikkje knekke

Tilbake på Kvasneset har Bjørn Inge Furuli og Håvard Vollset inga tru på at prosessen blir stoppa.

Furuli seier at sjølv om anlegget skulle ende opp med å koste tre milliardar kroner til slutt, så har ein ikkje noko anna alternativ enn å godkjenne Kvasnes-anlegget.

– Kommunane har mala seg opp i eit hjørne, meiner Furuli.

– Uansett pris blir det eit massivt press på å godkjenne prosjektet uansett, seier Vollset Lien.

Saka har slite på mange innbyggjarar på Kvasneset. Men Bjørn Inge Furuli har bestemt seg for at saka ikkje skal knekke han.

– Eg er nordmøring, men eg blir ingen fakkeltog-gjengar, slik som i sjukehus-saka der oppe. Eg har bestemt meg for å ikkje bruke resten av livet mitt på dette. Saka er tapt for vår del. No får vi berre håpe på best case-scenario, at det vi har påpeikt av manglar ikkje slår til, seier Furuli.

Tidslinje: