Mange turistar tek turen innom Ålesund for å sjå på dei fargerike bygga i jugendstil. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

I ein rapport frå Menon Economics, kjem det fram at store summar har blitt lagde att i Møre og Romsdal i 2019, det siste året før koronapandemien førte til stengde grenser og eit avgrensa alternativ til ferie. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Nær 1,4 milliardar kroner blei brukte på Nordmøre og i Romsdal, mens det på Sunnmøre blei lagt igjen over 2,4 milliardar kroner. Reiselivsnæringa i fylket har ført til 3.390 arbeidsplassar i heile fylket. Rapporten slår fast at Møre og Romsdal er ein sommardestinasjon, og 80 prosent av dei 2,8 millionar gjestedøgna er registrerte i sommarhalvåret.

I 2019 var det til saman 900.000 passasjerar på cruisebåtar som la til kai i Geiranger, Ålesund, Åndalsnes, Molde eller Kristiansund.

(©NPK)