– Med kunnskapen frå ReAdapt-prosjektet kan me finna ut kva me kan gjera for å møta endringane og på den måten vareta vasskrafta si rolle både som kraftprodusent og som flaumdempar, der me også klarar å ta vare på miljøet i og langs elvane. Prosjektet har eit heilskapleg perspektiv og tek føre seg fleire moment, noko som er nyttig for oss, seier Simen Sørlie i Statkraft i ei pressemelding.

Vêret er i endring, og Sintef-forskar Ana Adeva Bustos seier at ein må bu seg på fleire og meir alvorlege tilfelle av flaum, turke og høge vasstemperaturar. Gjennom prosjektet ReAdapt skal forskarar finna ut korleis vasskraftsystemet kan tilpassast den nye tida.

Laksen reagerer raskt på endringar i naturforholda. Derfor får fisken eit spesielt fokus.

– Saman med modellar for klima, hydrologi og kraftproduksjon kan me føreseia korleis ekstreme klimahendingar påverkar laksen, og vidare korleis me kan tilpassa vasskrafta og setta inn avbøtande tiltak for å sikra både kraftproduksjon og laks i framtidas klima, seier Adeva-Bustos.

(©NPK)