– 22. juli var det største angrepet mot demokratiet sidan andre verdskrig. I dag tenker vi på alle som mista livet, alle familiane som vart ramma, dei 42 som vart skadd, alle som overlevde og alle som fekk liva øydelagt og slit fysisk eller psykisk, sa initiativtakar til markeringa, Elin Kilvik Skeide.

Sula vart hardt råka av terroren då ein av deira eigne, Sverre Flåte Bjørkavåg, vart drepen.I går la dei ned blomar til minne om han og alle dei andre ved minnestøtta som står ved Indre Sula kyrkje til minne om terrorangrepet.Kilvik Skeide las fleire verst frå «Til ungdomen» av Nordahl Grieg, men ho la særleg på nokre liner:«Her er ditt vern mot vald, her er ditt sverd: trua på livet vårt, menneskets verd.»

Motstand

– Det er ein song vi song masse i dagane etter angrepet. Det var eit angrep mot landet vårt, ei terrorhandling mot oss alle. Vi må stå opp og jobbe i mot terror, forklarar Kilvik Skeide.

I tillegg til Kilvik Skeide haldt varaordførar Svein Værnes også tale. Ved minnestøtta vart det lagt ned blomar frå Landsorganisasjonen, Arbeidarpartiet og Støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal.– Eg tenker at minnesteinen skal minne oss om vi ikkje går fri heller, seier Kilvik Skeide.