Gardsbrukar Ola Alsaker frå Eid hadde aldri trudd han skulle verte ulvejeger i ein alder av 76.
Fredag formiddag var han ein del av jaktlaget på ti mann som gjekk inn i jakta på ulven som vart observert ved Tua i Stigedalen torsdag ettermiddag.
– Eg hadde aldri trudd eg skulle vere med på noko slikt, seier den lommekjende og pensjonerte bonden.
Familien har sau i eit område ikkje langt frå der ulven vart observert.
Førebels utan resultat
Karane har ikkje stor tru på å treffe på ulven sjølv om han er sett på berre 20 meters hald av hytteeigarar torsdag ettermiddag.
– Vi posterer på strategiske punkt i terrenget og observerer oppførselen til beitedyr i området, seier jaktleiaren for jaktlaget.
Heile natt til fredag var dei åtte mann på post. Etter ei svært kald natt måtte dei gi seg utan resultat.
Fellingsløyve frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane varer fram til klokka 15 fredag.