Siste: - Vi har nyleg fått melding frå Hovudredningssentralen om at mannen er henta av Sea King-en og sett trygt ned på bakken, seier operasjoneleiar Ferstad til Smp.no klokka 19.00.
Sunnmøre politidistrikt melde om ein redingsaksjon i Volda kommune, onsdag ettermiddag.
- Ein mann har gått seg fast i ca. 700 meter høgde ved Middagsfjellet, heitte det frå operasjonsleiar Per Åge Ferstad.
Politiet fekk melding om hendinga ved 18-tida, og mannen vart sagt å vere fjellvand.
Skal vere uskadd
- Hovudredningssentralen Sør-Norge er varsla og eit Sea King-helikopter er på veg, sa operasjonsleiaren til Smp.no klokka 18.30.
Ei alpin redningsgruppa vart først sagt å vere kalla ut. Dette skjer likevel ikkje, kunne operasjonsleiaren fortelje.
- Dette skuldast at mannen lett kan hentast med helikopter. Han er forresten uskadd og i fin form. Eg har snakka med han sjølv, sa Ferstad.