Framstegspartiet har størst framgang i Haram og er no ved sida av Senterpartiet det størst partiet i kommune. Høgre går mest tilbake.

Defor kan det bli hard kamp om ordførarvervet mellom Svein Harsjøen (Frp) og Senterpartiets Vebjørn Krogsæter.

Bjørn Sandnes (H) har vore ordførar i Haram dei to siste periodane. 65-åringen ønskjer ikkje attval, men stiller i staden som ein av Møre og Romsdal Høgre sine kandidatar til fylkestinget.

Ewa Hildre er Høgre sin nye ordførarkandidat, i tillegg varslar følgande kamp om ordførarvervet i Haram: Svein Harsjøen (Frp), Siv Katrin Ulla (A), Randi Walderhaug Frisvoll (KrF), Vebjørn Krogsæter (Sp) og Kristian Stråmyr (V).