Då den nye fleirtalskoalisjonen vart presentert i Ørsta onsdag fekk sjølve gjennomføringa av valet sterk kritikk.

- Vi kan ikkje ha det slik, var det samstemte kommentaren frå leiande politikarar i Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.

Som mange andre stader i landet var valdeltakinga låg, men Ørsta-politikarane meiner at interessa for å stemme i Ørsta vart ekstra svekka fordi talet på stemmekrinsar vart redusert frå 13 til fire. Valdeltakinga i kommunen var 57,1 – den lågaste nokon gong. I Vartdal krins var den nede på 40-talet.

-  Vi opplevde at veljarar på bygdene let vere å stemme i protest mot at reduksjonen på stemmekrinsar, seier påtroppande ordførar Stein Aam.

-  Då Arbeidarpartiet delte ut blomar i Hovdebygda fekk vi klare meldingar om at folk kom til å nekte å reise til Ørsta for å stemme, seier Arbeidarpartiet sin førstekandidat ved valet, Jostein O. Mo.

Ved vallokalet på Kulturshuset i Ørsta sentrum var det likevel mange som møtte. Så mange at det oppstod store køar før lokalet stengde klokka 21.00. Dermed var det nokre som snudde, medan andre ikkje rakk å stemme.

-  Det var altfor få avlukke inne i lokalet, seier påtroppande varaordførar Karen Høydal (Ap).

Dessutan vart stemmer frå Bjørke krins innrapportert på ein slik måte at utanforståande kan finne ut kven som stemde kva.

Politikarane tar sjølve sin del av ansvaret for gjennomføringa av valet, og lovar å lære av feila.

-  Vi må ha ei hard evaluering, og må gjere det betre ved neste val, seier politikarane som no tar over styringa i Ørsta.