Vinnarmelodien "Vestlandet" frå Melodi Grand Prix junior 2016 er spelt 1,1 millionar gonger på Youtube og 2,2 millionar gonger på Spotify - til saman 3,3 millionar avspelingar. Det skriv NRK Sogn og Fjordane på nettsidene sine.

Eid-jentene Vilde og Anna har teke heile landet med storm etter MGP junior-sigeren i fjor.

- Eg hadde eigentleg ikkje trudd at det var så mange folk som har klikka seg inn og høyrt på. Det er veldig, veldig kult. Vi set jo veldig pris på åt låten vår trefte så mange og at folk høyrer på han så mange gonger, seier Vilde til NRK.

Vilde og Anna går ein hektisk sommar i møte. Dei skal mellom anna syngje på Allsang på Grensen og Malakoff. Dei to jentenene har fått så mange tilbod om å opptre at dei har måtta seie nei til somme førespurnader.