Dette seier ei jente i Gnist barnehage på Valderøya. Dei har lært om FN heile veka, og dei avslutta med ei makering på sjølve dagen.

I fjor feira dei på sjølve dagen. Dette syntest dei var for lite, så i år ville dei gjere meir ut av dette og bruke ei heil veke.

Samla inn klede

Mellom anna samla dei inn klede og sko som skal sendast som hjelp til Ukraina. Inne i barnehagen sto fredag eit heilt lager av plastposar med innsamla klede.

– Vi har born frå mange nasjonar. Dette har inspirert oss til å lære meir om dei forskjellige landa, seier styrar Heidi Sunde.

FN-dagen 24. oktober markerast over heile landet.

Send oss dine bilete frå FN-dagen. Ein kan bruke #smpno eller internett@smp.no.

Sjå video (under): Born ved Hessa skule dansar BlimE-dansen