– Dersom du skal kjøpe deg ny bil, vil du ha litt å velje i. Ingen likar at nokon bestemmer at det må bli ein raud Mazda. Punktum.

Mangla eit alternativ

Odd Arve Orten er på veg heim til Orten etter nokre dagar med jobb på Ona. Snikkaren er mellom dei som har stått i bresjen for å søke om ei grensejustering som betyr at dei tre bebudde øyane og eit par utan folk som i dag ligg i Sandøy, vil høyre til Aukra når kommunereforma er eit faktum. No bruker Orten bilkjøp for å illustrere korleis folket på øyane ser på situasjonen dei har hamna i.

– Heilt frå starten på reformprosessen var vi nokre som meinte at ein måtte sjå på om Sandøy saman med Aukra og Midsund kunne vere eit alternativ. Eg sette fram forslag om dette fleire gonger i kommunestyret, men det vart stemt ned kvar gong. Vi fekk aldri noko anna val enn den raude Mazdaen.

– Som er nye Ålesund?

– Akkurat.

Aktivist: Odd Arve Orten har gått i bresjen for grensejusteringa. Her er han på veg heim til Orten frå Ona.

Ja frå fylkesmannen

Det er til saman 67 innbyggarar på dei tre øyane, og det var 87 prosent som stilte seg bak søknaden om grensejustering.

– Søknaden sende vi då det vart klart at det var fylkesmannen og Kommunaldepartementet som skulle ta avgjerda – ikkje Sandøy kommune, seier Odd Arve Orten.

Fylkesmannen har tilrådd at søknaden skal bli innvilga.

– Kvifor er dette så viktig?

– Det handlar iallfall ikkje om at vi «ikkje vil bli ålesundarar» slik det har stått i avisene.

– Kva handlar det om då?

– Om å høyre til, om identitet. Vi har sjølvsagt ingen ting imot verken sunnmøringar eller ålesundarar, men vi har alltid hatt tett kontakt med Aukra, og for oss er Molde byen. Ålesund er langt borte, og vi er redde for at vi blir ein liten utkant i ein stor kommune.

– Er det den velfylte kommunekassa i Aukra som freistar?

– For meg har det aldri vore noko viktig argument. Aukra har forsikra oss om at vi skal få dei same tenestene som resten av kommunen. Det er bra nok for oss.

Rundt bordet: Ona har faktisk ein strikkebutikk der folk gjerne møtest. Rundt bordet sit Marit Ysland Jensen, Elin Blindheim, Svein Bjørnerem og Liv Eliassen.

Mykje havrom

Det er ikkje så mykje folk som blir aukraværingar dersom grensene blir justert, men desto større havområde. Nye Ålesund meiner det er uheldig å miste areal som kan legge grunnlag for ny næring.

På øyane meiner dei at turistmagneten Ona fyr er viktigare for den nye kommunen enn havrommet.

Rundt eit bord på strikkebutikken på Ona trur dei heller ikkje at Ålesund vil miste det som kunne ha blitt rosinen i reiselivspølsa for den nye kommunen.

– Men for oss vil det bli heilt feil å orientere oss mot Ålesund, seier pensjonert journalist Svein Bjørnerem, fødd og oppvaksen på Ona.

– Har saka skapt vondt blod?

– Nei, det trur eg ikkje, seier Bjørnerem. Men den har skapt stort engasjement, og eg veit at mange på Harøya synest det er trist dersom vi går til Aukra.

Og i Aukra står dei klare til å ta imot dei 67 på Ona, Orten og Sandøy. Kommunalministeren tar den endelege avgjerda før ferien.

Vil til Aukra: Keramikaren Anne Marit Steinshamn er ikkje i tvil om at det rette for folket på Ona er å bli ein del av Aukra kommune.