Sundag skreiv smp.no om ferjeproblema på sambandet Larsnes, Åram, Voksa, Kvamsøy. Her har Norled sett inn ferja «Strandebarm» som er for lita til å tene sambandet skikkeleg.
No viser det seg at den faste ferja «Kvam» ikkje er på service, slik Norled melde, men faktisk trafikkerer ferjesambandet Skjeltene, Lepsøy, Haramsøy.
Årleg service
«Kvam» er sett inn her mens ei anna ferje er på service, før også den skal på den påkravde årlege servicen.
Alternativet for Norled ville vere å sette inn den vesle reserveferja «Strandebarm» på dette sambandet i ei periode.
Ferdig til påske
Det ville flytte problema ein no har på Larsnes-sambandet, til sambandet Skjeltene, Lepsøy, Haramsøy, ifølgje administrerande direktør Ivan Fossan i Norled.
Den vanskelege situasjonen skal vere ferdig til påske, då «Kvam» skal vere ferdig på service.