Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og veninna Maria Hellevik gjekk tur saman med ungane på Flemsøya då dei kom over eit uvanleg syn i fjøra.

– Vi er på haustferie saman på Longva. Dei eldste ungane oppdaga kvalen då vi gjekk på tur på nordsida av øya, fortel Rotevatn.

Ho meiner at kvalen kan vere på rundt åtte meter, og at den truleg ikkje har vore på land i lang tid.

– Kvalen låg ikkje der for ei veke sidan, fortel Rotevatn.

Turgåarane er usikre på kva slags kval dei har funne.

– Den har ei stor «tann». Vi er usikre på om det er vågekval. Kvalen ligg ca. 500-600 meter frå grenda Ura (mellom Nogva og Støene) på nordsida av Longva. Det går ein tursti der, opplyser Rotevatn.

Smp.no har førebels ikkje kome i kontakt med Havforskingsinstituttet for å avklare kva slags kval det er snakk om.

– Ungane lurer sjølvsagt på kvifor han døydde og om magen er full av plast. Vi har varsla politiet som var usikre på kva dei skal gjere, fortel Rotevatn.

Veit du kva slags kval det er? Skriv i kommentarfeltet.