Barnevakten gav i dag prisen «Årets beste familieprogram» til NRK sin produksjon «Vaffelhjarte», skriv Barnevakten.no.

Familieserien baserar seg på boka «Vaffelhjarte» av Maria Parr frå Vanylven, og handlinga utspelar seg i den lille bygda Knert-Mathilde på Sunnmøre. Store delar av serien er spelt inn på Runde.

Glad og kry

Og Maria Parr er glad og kry over tildelinga:

- Å, så kjekt! Ditte var no heilt supert, serien vart veldig flott, seier ho.

Maria Parr fortel at ho har fått mange tilbakemeldingar på serien.

- Dei tilbake meldingane eg har fått er at mange foreldre har sett programma i lag med barna sine. Og det syns eg har vore utruleg kjekt å høyre, at det har vore ei felles oppleving for familien.

- Og gratulerer til skodespelarane Dagny Myrene og Simon Voldsund.

Vinneren av prisen «Årets familieprogram» avgjøres av Barnevakten på bakgrunn av egne vurderinger, samt publikumsavstemning på www.barnevakten.no. Det var sju kandidater i avstemningen. I samsvar med Barnevaktens egen vurdering gikk Vaffelhjarte av med seieren også her.

Maria Parr. Foto: Samlaget