Det var ikkje berre med flagg og postkort og fat og service med påtrykte nasjonale symbol at unionsoppløysinga vart feira. I butikkane vart det utstilt all slags ting og tang med unionsoppløysingsmotiv og nasjonale symbol på. Broderte dukar og veggteppe med riksvåpen og kongeportrett var ikkje uvanleg, og klasseromma på skulane vart dekorerte med nasjonale symbol.Mangt av dette er kanskje hamna på loftet eller er kasta nå, og mykje er å finne i antikvitetsbutikkar og hos samlarar. På Union hotell i Geiranger har dei teke vare på denne borddekorasjonen til minne om unionsoppløysinga. I tida etter 1905 vart han sikkert brukt i samband med blomsteroppsatsar på middagsborda på hotellet. Hotelleigar Karl Mjelva seier han ikkje har opplysningar om i kva samband hotellet fekk denne borddekorasjonen, men det er ikkje utenkjeleg at han vart laga til kong Haakon og dronning Mauds besøk i Geiranger under kroningsferda i 1906. Teksten på støtta på dekorasjonen fortel om dei tre viktige hendingane i 1905, oppløysingsvedtaket i Stortinget 7. juni, folkerøystinga om unionen 13. august og kongevalet 12.-13. november. (Foto: Roger Engvik)

Statuett i bronse, laga i samband med unionsoppløysinga. På statuetten står dei tre viktige datoane, 7. juni, 13. august og 12.-13. november i 1905. Statuetten står på Union Hotell i Geiranger