Russland og Ukraina har denne veka skulda kvarandre for å planleggje sabotasjeangrep mot atomkraftverket i den ukrainske byen Zaporizjzja.

Dersom det skulle komme eit angrep mot atomkraftverket vil ikkje det gi akutt fare for Noreg, opplyser Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) i ei pressemelding.

Det vil heller ikkje bli behov for beredskapstiltak som jodtablettar eller innemelding for nordmenn, skriv dei vidare.

DSA skriv på nettsidene sine at sjølv med eit stort utslepp i Ukraina, der vinden blæs mot Noreg, vil det i hovudsak føre til tiltak i norsk matproduksjon.

(©NPK)