Tysdag morgon fortel politibetjent og førebyggande kontakt i Stranda og Sykkylven Ole André Ringstad at det har skjedd to bedrageri over telefon dei siste to vekene i Nyss sitt dekningsområde.

– Det har vore eitt på Stranda og eitt i Sykkylven. Begge har fått sine kontoar tømt for om lag 300.000 kroner, fortel han.

Framgangsmåte

Ved begge tilfelle har dei vorte ringt frå eit nummer der vedkommande gir seg ut for å vere politi.

– Ved søk på nummeret kan det verke som det faktisk var politiet. Dette er blitt manipulert og ein kallar teknikken for «spoofing», der dei endrar nummeret som vert vist hos den andre, forklarar Ringstad.

I telefonen har dei fått vite frå «politiet» at kriminelle forsøker å tømme kontoane deira, og at dette er ein pågåande situasjon.

– Vidare ber dei om å oppgi sensitiv informasjon til personen, mellom anna Bank ID og liknande, for å hindre at kontoen vert tømt. Då har dei dessverre blitt lurt, og kontoen deira har vorte tømt av den som ringde, legg han til.

Politibetjent Ringstad legg vekt på at situasjonen står fram som svært reelt då dei som ringer har blitt profesjonelle i sin framgangsmåte.

– Når det er sagt ringer aldri politiet for å få informasjon som dette, det gjer heller ikkje banken. Ein må aldri oppgi slik informasjon over telefon, uansett kor truverdig den andre parten verkar. Sei heller at du skal ringe tilbake til banken eller politiet, seier han og understrekar at desse svindlarane gjerne går etter eldre personar, og at ein dessverre ikkje alltid får att pengane då det er vanskeleg å spore kvar dei går.

– Er uhellet ute, ring banken med ein gang. Banken først, så politiet. Dette er ein av mange forskjellige type svindel som går for tida, ofte er det via telefon eller mail. Aldri oppgi sensitiv informasjon og aldri trykk på ukjende lenkjer, avsluttar Ole-André Ringstad.

– Er uhellet ute, ring banken med ein gang. Banken først, så politiet, seier Ringstad. Foto: Christine Fohlin Verneland

– Vanskeleg å fatte

Nyss har fått prate med ein av dei uheldige, som ønskjer å vere anonym. Ei eldre dame i 80-åra er svært oppskaka etter opplevinga.

– Dette er tungt. Det er vanskeleg å fatte at det er tilfelle. Det kjem nokre tunge tankar innimellom, fortel ho.

Hendinga skjedde ein laurdag. Då fekk ho telefon frå ei dame med østlandsdialekt, som sa at ho ringde frå politiet. Telefonsamtalen varte i seks timar, då vedkommande meinte at den eldre dama ikkje måtte legge på, men halde linja på høgtalar.

– Du ønskjer å stole på dei når dei seier dei ringer frå politiet, og når du slår opp nummeret og ser at det stemmer så vil du i alle fall tru på dei. Eg måtte halde linja for at dei skulle rette opp i feilen, og medan dei hadde meg på linja gav dei meg mange tips på korleis eg skulle unngå å verte svindla igjen, seier ho.

Psykisk vald

Nyss har også barnebarnet på telefonen, ho er lei seg for at nokon kan finne på noko slikt.

– Å snakke med ei eldre dame på om lag 80 år i seks timar på den måten bør kunne kategoriserast som psykisk vald. Bestemor var skjelven og hugsar ikkje at ho gjekk og la seg den kvelden, fortel ho.

– Ja, dei var veldig sympatiske. Dei spurte meg korleis eg hadde det, og korleis mannen min hadde det. Han bur på heim sa eg, så dei spurte om det var koseleg der, legg bestemor sjølv til.

Etter at dei hadde bygd tillit hos ho bad dei ho ikkje bruke telefonen før klokka 11 dagen etter, då var det søndag og alt var stengt.

– Dei sa dei skulle ringe meg opp att klokka 11 og alt skulle vere i orden. Men det gjorde dei ikkje, og då eg då ringde opp att så kom eg til politiet i Oslo. Der fortalde eg kva som hadde skjedd og kven eg hadde snakka med, men dei kunne fortelje meg at den dama ikkje arbeidde hos dei, fortel ho.

Den søndagen sakk ho saman og tenkte det var frykteleg at sånn kunne gå an.

– Barnebarnet mitt kom raskt på besøk slik at eg ikkje var åleine, og svogeren min hjelpte meg med det same. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan barnebarnet mitt, ho er veldig grei og tok seg av alt. Eg har berre sete her som ei fille. Vi fekk komne oss ned på politistasjonen seinare same dag etter å ha fått hjelp med banken, seier ho.

Banken

Barnebarnet vil gje ros til banken for å setje i gang med saka med ein gong, det er bestemor samd i og gir all ære til dei.

Men, pengane er ikkje å finne.

– Banken ser kva pengar som har gått ut, men dei er sendt ut til heile landet via fleire bankar. Masse små beløp over alt, som hoppar frå bank til bank. Dei har enno ikkje stoppa. Dette er folk som veit kva dei driv med. Det er nok ikkje første gangen, seier barnebarnet som peiker mot ein artikkel frå politiet sin nettstad tidlegare i år som skildrar denne typen svindel.

Både den eldre og barnebarnet ønskjer at alle som har vorte ringt opp av det som tilsynelatande skal vere politiet, som fortel om svindel og ber om sensitiv informasjon, må ta kontakt med politiet.

– Det er lett å sitje heime og ikkje vite kva ein skal gjere. Det er nok mange som ikkje fortel det til politiet, eller som ikkje har familie å lene seg på slik som meg, avsluttar ho.