– Det er ikkje slik at emosjonelle krav i seg sjølv gir negativ effekt på helsa, men det er grada og handteringa av det som avgjer om det får helseeffekt, seier Sintef-forskar Mette Pettersen Buvik til Klassekampen.

Torsdag lanserer Unio, hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna, ei nettside om tematikken.

I samband med lanseringa har forskarar ved Sintef, på oppdrag frå Unio, sett i gang eit forskingsprosjekt om emosjonelle krav og emosjonell belastning i arbeidslivet. I ein rapport samanfattar dei nordisk forsking på temaet. Over åtti forskingsartiklar frå dei siste ti åra er gjennomgått.

Funna viser at høge emosjonelle krav ser ut til å påverke risikoen for langtidssjukefråvær, utbrentheit og psykiske plager. Funna gir også gode indikasjonar på at emosjonelle krav er ein av dei viktigaste faktorane som forklarer den auka risikoen for sjukefråvær blant dei som jobbar innan helse- og omsorgsyrke samanlikna med andre yrke.

– Målet vårt er at kunnskapen skal bidra til betre arbeidshelse og redusert langtidssjukefråvær. Når du reduserer langtidssjukefråværet, får du også fleire til å bli i jobben lengre, seier leiar Ragnhild Lied i Unio.

(©NPK)