Stryn kommune ventar enno svar frå vassprøver etter at kokepåbod av drikkevatn vart innført måndag ettermiddag.

– Svar er venta laurdag ettermiddag, opplyser smittevernlege i Stryn kommune, Marius Solbakken.

– Fleire har nok fått i seg vatn medan det har vore kokepåbod. Kan det vere farleg?

– Per i dag veit vi ikkje om drikkevatnet kan vere farleg eller ikkje, men ved alle infeksjonar er det nokre som er meir sårbare enn andre for å bli sjuke av ulike bakteriar og virus, seier Solbakken.

Han seier at dei hyppigaste reaksjonane ved smitte via drikkevatn er ulike formar for mage- og tarminfeksjon.

– Ved slike infeksjonar vil ein kunne få smerter i magen, feber og diaré. Då er det viktigaste å erstatte det veske- og salttapet som diaré og eventuelt oppkast fører med seg. Dette er spesielt viktig for eldre og små born som har mindre reservar enn friske vaksne menneske, forklarar han.

Han opplyser at ved kraftige symptom eller dårleg allmenntilstand skal ein ha låg terskel for å kontakte legevakt for vurdering.

– Det mest effektive tiltaket ved mistanke om forureining av drikkevatn er å fosskoke vatnet og la det avkjøle seg naturleg før inntak, seier han.