Politiet såg at bilisten berre hadde ei lita luke å titte ut gjennom, og fekk stoppa bilen, skriv NRK.

– Vi ser på dette som eit grovt brot på vegtrafikklova. Det er stor fare for at det kan skje ei trafikkulykke når du køyrer på den måten, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt til kanalen.

Og slik såg frontruta ut innanfrå. Foto: Politiet

Den kvinnelege sjåføren i 80-åra blei stoppa på Nordmøre. Ho skal ha køyrt om lag ein kilometer.

Strafferamma for denne typen lovbrot er bøter eller fengsel inntil eitt år.

Les også: