Nyttårskonserten til Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda er tradisjon like fast som januar månad. Midt i denne tradisjonen står brørne Knut (70) og Nils (67) Ose frå Ørsta, på same måte som dei har stått midt i det meste av lokal klassisk musikk i mange tiår. Brørne Ose har alt for lenge sidan vorte ein institusjon.

Utallige elevar har fått både grunnopplæringa si og meir avansert spesialisering med ein Ose som inspirerande instruktør. Sjølvhjelpt orkester Sjølve spelar både Knut og Nils fleire instrument, i tillegg til å dirigere nesten kva som helst. Denne helga på Berte Kanutte-bygget i Volda er det valthorn for Nils og fiolin for Knut. Og svart tversoversløyfe under haka for dei begge.

- Ja dress og sløyfe må vi ha, det høyrer sjølvsagt med, smiler brørne om kapp. Begge har vore ein svipp heim til Ørsta og skifta til speleantrekk, etter mange midtlaurdagstimar med øving og finpuss med orkesteret. Det går ikkje lite tid til å vere søyler og berebjelkar i denne tradisjonen.

- Men vi får veldig mykje att. No opplever vi faktisk at det snart femti personar store orkesteret er sjølvgåande. Det vil seie at vi rekrutterer dei aller fleste aktørar frå eigne rekkjer av lokalbefolkning og studentar. I fleire år har vi vore avhengig av å leige inn traktørar av nokre kjerneinstrument, fortel Nils Ose.

Song og dans Denne januarhelga sit Nils Ose i kvartetten av valthornblåsarar, heilt bakarst i orkesteret. Framover våren stig han fram og låner tilbake dirigentpinnen frå nyttårsdirigent Helge Hamsaas.

- Dirigentrolla går på omgang, skjønar du. Også dette er tradisjon, opplyser Nils Ose.

Høgskuleorkesteret i Volda held i fylgje forståsegpåarar høg standard. Vi registrerer at i tillegg til å ha hand om det stivpynta høgtidlege preget, maktar orkesteret også å formidle folkeleg humor og uttrykksmessig spenn. Under nyttårskonserten i Volda fekk unge dansarar frå Ørsta Volda Ballettskule vere med og lage liv og rørsle på konserten.

Renata Vynikalova underheldt med spenstig solodans, medan songsolistane Siv Aurdal og Jan Helset sette klang på Sjøsala vals og andre svenske folkeviser. Eit songensemble og Høgskulen sin eigen gitarist Per Arne Brandal var også med. Symfoniorkesteret har hala i gang nok eit nyttår med musikalsk særpreg.