Med 23.2 prosent er Senterpartiet igjen største parti i landbrukskommunen Ørsta, nesten ein prosent føre dagens ordførarparti Høgre. Gratulantar frå alle andre partia stod i kø for å gratulerer med resultatet - som kom først då klokka nærma seg halv eitt valnatta.

– Resultatet er betre enn eg hadde håpa på. Men med alle mine kontakter både i idrettsmiljøet og yrkesmiljøet har eg fått ei stadig betre kjensle, seier Stein Aam til Smp.no rett etter valsigeren.

Ordførar

Aam legg ikkje skjul på at han går for ordførarposisjonen når han nesten umiddelbart går inn i forhandlingar med støtteparti for å oppnå mellom anna dette.

– Eg har god trur. Vi har mykje god politikk som no skal setjast ut i praksis, seier Aam og lovar at dei skal vere like klare vidare som han hevdar Senterpartiet har vore i valkampen.

Tolv år sidan

Det er tolv år sidan sist Senterpartiet hadde ordføraren i Ørsta. Då hadde Nils Taklo frå Sæbø hatt vervet i tre periodar - tolv år. Ved dette valet gjekk Senterpartiet opp med i overkant av sju prosent frå førre kommuneval.

Ut over dette er mandatfordelinga i Ørsta lite endra frå førre val for fire år sidan.

Kutta ni valkrinsar

Senterpartiet var nesten åleine om å gå imot valstyret si nyordning med å kutte ni valkrinsar framfor årets val - noko som førte til at fleire ørstingar fekk vanskar med å nå fram til valurnene i tide måndag kveld.