Bonden mistar 8000 kroner i produksjonstilskot. Det har Sykkylven kommunen avgjort. Jordbrukssjefen i kommunen vart tipsa i mars, og drog deretter til gardsbruket på synfaring.
Her forklarte bonden at dei hadde spylt ei gjødselvogn og tømte vatnet i ei grop. Jordbrukssjefen tvilte på forklaringa.
«Massen var tjukkflytande og utgjorde ein tydeleg forureiningsfare for området», står det i vedtaksbrevet.
«Gjødsla flaut opp på snøen og rann inn i skogen. Kommunen ser svært alvorleg på denne forureiningssaka», er det skrive avslutningsvis. Bonden skal også tidlegare ha handtert naturgjødsel uforsvarleg.