Dei tre viser til oppslag i Sunnmørsposten onsdag, om ein ny rapport frå Statens vegvesen – om kostnader og andre føringar for alternativa til stamvegtrase mellom Skei og Ålesund.

Dei tre viser til at denne rapporten berre er eitt av mange innspel i Samferdsledepartementet sitt arbeid med det snart venta vegvalet.

Les også: Indre 6 mrd. billiegare

Ordførarane opnar med å seie seg glade for at departementet for første gong har fått fram utrekningar som syner samfunnsøkonomisk nytte i eit tidsperspektiv på 60 og 75 år, i tråd med det vegminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skal ha varsla han meinte var rett metodikk under synfaringa gjennom området midt i januar i år.

Ordførarane skriv i brevet at dei merkar seg at midtre linje, med bru over Voldsfjorden, og Lote–Anda, vil ha størst samfunnsnytte i eit tidsperspektiv på 60 år eller meir.

Dei viser også til at reisetidene til sjukehus og flyplassar blir klart mest redusert med midtre, men at dette ikkje rekna med av Statens vegvesen.

– Vi ser fram til ei klok avgjerd i saka, bygd på at E39 er den største og mest langsiktige investeringa Noreg skal gjere på Vestlandet dei neste tiåra, med nytteverdi mange generasjonar fram i tid, skriv ordførarane Anders Ryssdal, Gloppen, Alfred Bjørlo, Eid og Arild Iversen Volda, avslutningsvis i brevet som blir sendt Ketil Solvik-Olsen i dag.

Volda-ordførar Arild Iversen flankert av statssekretær Jon Georg Dale og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen, på sydsida av Voldsfjorden i januar i år. Foto: Knut Arne Aarset