Ein mann i 20-åra frå Vanylven køyrde natt til søndag av vegen ved Fiskå i Vanylven. Det melder politiet i Sogn og Fjordane. Ingen skal ha kome til skade.

Mannen vart tatt med til Volda sjukehus for kontroll og er mistenkt for å ha køyrt med promille. Saka vert vidare etterforska av Vanylven lennsmannskontor.