Valldal Aktivitetspark skal ha noko for ein kvar smak. I går starta firmaet Høyt & Lavt arbeidet med å byggje parken i Valldal.

– Vi opnar 1. juli, og då vil det vere ope her seks dagar i veka, fram til 17. august. Etter det blir det ope i helgane, men også elles til gruppebestillingar, seier Erlend Hjelme.

Heime

Han er på heimebane, på garden Hjelme. Ein gard han med tid og stunder skal ta over. Men i staden for jordbær vil dei satse på luftige opplevingar.

Så her bygger dei no ein klatrepark på til saman 600 meter med løyper fordelt på 26 ulike klatreelement – montert lågt og høgt oppe i trea.

I tre veker skal arbeidarane frå Høyt & Lavt i Vestfold montere løypene. Det har dei greie på, for dei har bygd fleire slike klatreparkar rundt om i landet, og driv også fleire av dei sjølve.

Instruksjon

– Dette er eit anlegg som heile familien kan nytte. Vi skal ha instruktørar som viser alle korleis dei skal sikre seg før dei set i gang. Så det blir trygt, men sjølvsagt kjenner ein det i magen når ein er mange meter oppe i lufta, legg Hjelme til.

– Det skal vere skummelt, men ikkje farleg. Alle er sikra med klatresele, legg byggjeleiar Stein Ivar Hovland i Høyt & Lavt til.

Det var gjennom jobben i Valldal Naturopplevingar Hjelme fekk ideen til denne parken. Han har også besøkt slike parkar andre stader.

– Målet er å utvikle aktivitetstilbodet i Valldal, seier Hjelme.

Med støtte

Faren Nils Jarle Hjelme likte ideen og skyt inn pengar. Det er han som er grunneigar. Dei har også fått støtte frå Innovasjon Norge og næringsfondet i Norddal.

– Totalt satsar vi fire millionar kroner på denne klatreparken, fortel Erlend Hjelme.Parken får også eit amfi og ein kiosk. I amfiet skal trolla til Gro Marita Valdal opptre i sommarsesongen. Og i kiosken blir det seld mat og drikke.