Framleis ulmar det i glørne etter sjukehusstriden mellom Kristiansund og Molde. Fredag la helseminister Bent Høie (H) fram den lenge varsla helse- og sjukehusplanen. Det kan få nye bål til å flamme opp i sjukehus-Norge.

Mellom anna blir det foreslått å fjerne akuttkirurgien frå fem mindre sjukehus.

Følg smp.no debatt på Facebook!

Straks spratt det gnistar frå desse prikkane på det nye sjukehus-kartet: Frå Volda, Narvik, Lofoten, Stord og Flekkefjord. Ordførarar, sjukehustilsette og sjukehusaksjonistar lovar kamp.

Gnistane kan raskt kome til å lyse meir i vintermørkret enn helseministeren set pris på. Når han  tuklar med akuttfunksjonane ved sjukehusa, skal det ikkje mykje til før det tek full fyr.

Protesterer

Senterpartiet raslar allereie med fyrstikkene, og seier at sjukehusplanen er eit angrep på velferdsstaten og retten til eit likeverdig helsetilbod, og at den legg opp til ei historisk sentralisering.

Anestesioverlege Rune Heggedal ved Volda sjukehus er provosert, og ber helseministeren om å snu. Stortingsrepresentant (og volding) Fredric Holen Bjørdal (Ap) fryktar at planen etterkvart kan bety kroken på døra for Volda sjukehus. Legeforeninga meiner det same. Allereie i vår var den klar på at alle sjukehus må ha akuttkirurgi.

Sjølvsagt er det mange som meiner noko anna. Helsedirektoratet og to faglege rådgivingsgrupper er mellom dei som har talt for ei sentralisering av akuttkirurgien. Ei av desse gruppene sa i vår klart at dagens modell ikkje er levedyktig, og at ein ny modell må på plass innan 5-10 år.

Alternativet var etter deira meining ei «dårleg styrt avvikling» av dei minste sjukehusa, delvis drive av den aukande spesialiseringa i kirurgien.

Handlar om tryggleik

Høie veit sjølvsagt kor heitt det kan bli. Han har sjølv fått kjenne sjukehusstriden mellom Romsdal og Nordmøre på kroppen, og han har sett Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) sin spissrotgang mellom fakkeltoga i Nordfjordeid, Volda, Molde og Kristiansund.

Sjukehus handlar om helsa til kvar og ein av oss. Det handlar om liv og død. Det handlar folk sin tryggleik, og den handlar om folk si kjensle av tryggleik. Så handlar dei sjølvsagt om arbeidsplassar, skatteinntekter, patriotisme, lokal prestisje og alt det andre som høyrer heime i ein godt miksa lokaliseringsstrids-cocktail.

Langt på veg kjem likevel Høie til å få det som han vil. Han har staka ut ein kurs som er langt mindre dramatisk enn den som forgjengar Anne-Grethe Strøm-Erichsen hadde lagt ut på, sjølv om ho hadde Liv Signe Navarsete med i båten som kjempa «dag og natt» for å svinge roret i ei anna lei. For Nordfjord sjukehus sin del, førte det til ei stripping av funksjonar.

Styrer mot fleirtal

I dag har helseministeren Helse Førde som modell for korleis han vil strukturen skal bli i sjukehus-Norge, og han takkar dei raud-grøne for å ha bana veg. Det skal mykje til at Arbeidarpartiet ikkje sluttar seg til denne planen med nokre mindre justeringar. SV og Senterpartiet kjem til å stå i kraftig opposisjon til endringane, men vil truleg stå att i eit lite mindretal.

Helsetenesta er i stadig endring. Utvikling av ny teknologi, kompetanse og nye behandlingsmetodar gjer at vi får eit stadig betre tilbod – både i primær- og spesialisthelsetenesta. Vi som ein eller annan gong blir pasientar ved eit sjukehus får betre behandling for stadig fleire lidingar, og vi får skøyta på liva våre stadig fleire leveår.

Sjukehusa kan ikkje stå stille. Dei må utvikle seg. Ein del av denne utviklinga betyr spesialisering. Dyrt medisinsk utstyr som krev spesialkompetanse kan ikkje utplasserast ved alle sjukehus. Spesialkompetanse kan heller ikkje smørast tynnt ut over heile kartet. Dei mest avanserte inngrepa, kan berre gjerast ved nokre få sjukehus.

Spesialisering

Alle kan ikkje drive med alt.

Kirurgien er ein av dei funksjonane som er i sterk spesialisering. Spesialistane tek over for generalistane. Dette gir betre kvalitet, høgre overlevingsprosent og operasjonar som før var utenkjelege.

Dette er det ikkje strid om. Striden står om kva konsekvens dette får for akuttkirurgien. Skal vi stille like strenge krav til akuttkirurgien ved eit lite sjukehus som ved eit stort. Skal vi vente å bli møtt med eit team av spesialistar, eller skal vi nøye oss med ein av dei gamle «tusenkunstnarane».  Og dersom akuttkirurgien forsvinn frå eit sjukehus, er dette då berre den første dominobrikka som fell?

I debatten som kjem kjem vi til å få høyre gong etter gong frå helseministeren at sjukehusplanen gir ei styrking av lokalsjukehusa og at han ikkje skal leggje ned eitt einaste eitt av dei.

Vi får også høyre at pasienten skal vere i sentrum for utviklinga av helsetilbodet. Det store spørsmålet er om det absolutt også må bety at pasienten også må sendast til sentrum.