Helse Førde har trekt ambulansesaka som har sett sinna i kok i Selje og fleire andre stader i Sogn og Fjordane siste tida.

Saka skulle opp på styremøtet i Helse Førde fredag, men ifølgje firda.no blei saka trekt.

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Jorunn Ringstad grunngav dette med reaksjonane som er komne, særleg frå kommunane.

– Ambulansesaka har blitt oppfatta på ein anna måte enn det som var tenkt, sa Bolstad ifølgje avisa.

Selje-ordførar Ottar Nygård har reagert sterkt på det han meiner er sniknedlegging av ambulansetenesta.

Ifølgje Fjordenes Tidende reagerer han på at det er folk i kommunar lengst unna sjukehus som blir råka. Men siste ord er nok ikkje sagt i saka. Ifølgje firda.no vil det blir køyrt høyringsprosessar før saka kjem opp på nytt.