Møre og Romsdal fylkeskommune melder at vegen er stengt nord for Aksneset.

Geologar har undersøkt området, og det er klart at vegen ikkje kan opnast for trafikk no, melder dei.

Det skal vere fare for nye steinsprang og området må sikrast og ryddast.

– Det er eit vanskeleg arbeid der mannskap må flygast opp i helikopter og deretter klatre nedover fjellsida for å fjerne farleg stein. Arbeidet startar opp så snart fjellsikringspersonell er på plass, står det i ei pressemelding.

Planen er at vegen skal opne igjen i løpet av veke 2, men grunna omfanget er det vanskeleg å slå fast kor lang tid dette vil ta.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune