På landsbasis står 235.000 nordmenn utan fastlege og pasientar fortvilar. No kjem fastlegekrisa til Måløy-delen av Kinn kommune også. I perioden 20. februar til 6. mars vil cirka 1.200 pasientar i Måløy stå heilt utan fastlege, men legekontoret jobbar med løsyingar.

6. mars kjem det ein vikarlege til Måløy legekontor. Denne vikaren vil vere ved kontoret i 1ei veke, og vil i utgangspunktet ha ansvaret for to fastlegar sine lister. 13. mars kjem det ein ny vikar som vil vere ved kontoret i seks månader. Denne vikaren får ansvaret for ein manglande fastlege si liste og delar av den andre si.

Rekrutteringsproblem

Måløy legekontor har den siste tida hatt rekrutteringsutfordringar.

– I to år har det vore utlyst fastlegestillingar ved Måløy legekontor som ingen har søkt på, men vi har til no lykkast med å skaffe vikarar. Nokre har vore her lenge og andre i kortare periodar, seier tenesteleiar for helse, Katrine Skinlo. Men no blir situasjonen endå litt meir prekær for 1. mars sluttar Mona Alvestad som lege ved legekontoret. Det betyr at legekontoret står utan fastlegar i to av dei ni stillingane.

Kommunen har no lyst ut stillingane og håper nokon søker.

Ein lege til forsvinn frå 1. mai

1. mai mistar legekontoret også ein til av fastlegane i eit halvt år. Vedkommande held på med spesialisering innan allmennmedisin og må jobbe eit halvt år på sjukehus som ein praksisdel av utdanninga.

– Vi jobbar med løysingar på korleis vi skal sy det saman med bruk av vikarar og vikarbyrå, men vi ønsker også å informere innbyggarane om at det i perioden framover er viktig å vurdere kva ein bruker fastlegekontoret til. Viss det er noko som kan vente, så er det greitt å vente, seier Skinlo, som fortel at dei kontinuerleg jobbar med å avhjelpe situasjonen.

– No lyser vi ut to faste stillingar og vikariat, og kanskje er det nokon som har lyst til å flytte hit og etablere seg her. Dei vil i alle fall få jobbe på eit fantastisk legekontor. Det er ikkje lenge sidan eg begynte, og eg er blitt tatt veldig godt imot, smiler Skinlo.

– Vurder kva du kan utsette

Kommuneoverlege Kjell-Arne Nordgård trekker også inn fastlegekrisa i landet når han snakkar om utfordringane Måløy legekontor står overfor.

– I Måløy har det også tidlegare vore utfordringar med fråvær, men ein har klart seg med kortvarige vikariat. Men no ser vi at lister blir vanskelege å dekke opp og eit aukande behov for vikarar framover. Det er derfor viktig at folk er merksame på dette, og at ein tenker gjennom kontakten med legekontoret og fastlegen. Er ein sjuk, skal ein sjølvsagt ta kontakt, men det er også ting ein kan planlegge, forklarer han. Ifølge Skinlo og Nordgård er det ting ein kan gjere for å belaste systemet mindre, men dei understrekar at det ikkje skal gå på bekostning av tryggleik og oppfølging.

Dette kan du gjere

Ifølge Nordgård og Skinlo er det viktig å:

- vite om situasjonen og kvifor ventetida hos lege går opp

- planlegge litt fram i tid om for eksempel førarattesten treng å bli oppdatert

- vurdere kva attestar for sjukdom ein treng fastlegen si involvering i

- å planlegge neste kontroll litt lenger fram i tid enn ein vanlegvis ville gjort

Men er du sjuk og treng lege, skal du sjølvsagt ta kontakt.

– Ved akutte hendingar og sjukdom er det også alltid legevakt på dagtid i Måløy og på kveld på Nordfjordeid. Det skal folk vere trygge på, avsluttar Skinlo.