I mars i fjor stoppa politiet først mannen bak rattet på Festøya, utan gyldig førarkort. Dette var i sjutida om kvelden. Eit par timar seinare, same kveld, blei mannen stoppa av politiet igjen. Denne gongen i Ørsta sentrum.

I dommen står det at politiet var på same ferja som mannen då han tok den frå Solavågen til Festøya. Då dei kom i land blei han bedt om å parkere bilen.

Sjølv om han hadde sagt til politiet at han skulle sette igjen bilen og ta bussen vidare, blei han altså tatt av politiet eit par timar seinare.

Ei og ei halv veke seinare blei mannen igjen tatt bak rattet. Denne gongen i Bergen, og framleis utan gyldig førarkort. Denne natta køyrde han også for fort – først 90km/t i ei 80-sone, og så 71 km/t i ei 60-sone. Det var fotoboksar som gjorde at mannen blei tatt for desse tilfella.

To veker etter at han blei tatt i Bergen, fann politiet han i besittelse av tre gram amfetamin i Volda.

Skulle hatt fengsel

I skjerpande retning la retten vekt på at mannen er domfelt fleire gonger tidlegare. Mellom anna er han dømt for minst åtte tilfelle av køyring utan gyldig førarkort, og to tilfelle av brot på fartsgrensa.

I formildande retning blei det lagt vekt på at mannen erkjente straffskuld for alle postane. I tillegg har saka hatt ei rein liggetid under etterforskinga på rundt fem månadar.

I utgangspunktet skulle mannen ha hatt fengselsstraff. Forsvarsadvokaten bad likevel om at retten ville la mannen sleppe dette. Retten sa seg einig i dette. Mannen er under rusbehandling, og har vore rusfri i snart eit år.

– Han har gode utsikter for snarleg å kome tilbake i arbeid, står det i dommen.

Dermed blei straffa sett til 30 timar samfunnsstraff, med gjennomføringstid på 120 dagar.