Mange av border colliane som toppar dei største gjetarhundkonkurransane, er hundar som er i dagleg bruk på store saueflokkar. Det er svært få som berre nyttar bordar collien som konkurransehund. Her er Halvor Tenden og Trixie i aksjon under Noregsseriefinalen i 2019. Foto: Karianne Kjelstrup

– Fyrste gong eg såg ein gjetarhund i arbeid, var under NM på Lillehammer i 1995. Det var eit imponerande skode. Eit par år etter kjøpte eg min fyrste border collie, Rudolf, for å bruke han til sauesanking. Eg hadde verkeleg ingen aning om korleis det skulle gjerast!

Halvor Tenden humrar. Han lærte, for å seie det slik, og no har han vore gjetarhundinstruktør for Norsk Sau og Geit i over tjue år. Samstundes har han avla fram rundt 50 kvalpar.

Mange av dei har han hatt i arbeid på garden i heimbygda Stryn, der han tidleg engasjerte seg i å bygge opp eit gjetarhundmiljø. I dag bur han med sambuar og åtte vaksne hundar på eit småbruk på Folkestad i Volda, der dei også disponerer ein velfødd saueflokk. For utan sau å trene med, blir det garantert ikkje gjetarar av dei firbeinte.

Border collien er kjent for «auga» – fordi han ofte stirer intenst på sauene for å skremme dei. Foto: Privat

Men det er heller ikkje alltid at øving er nok.

– All border collie er ikkje gode gjetarhundar. Ved sida av gjetareigenskapar, er lynnet viktig. Sjølv vil eg ha hund med litt fart, men ikkje meir enn at han lét seg kontrollere, og han bør ha foreldre som har vist god interesse for sau. Skal ein hund bli god gjetar, må han både vere trygg, lærevillig og samarbeidsvillig, konstaterer Tenden.

Hundane Adam og Chip på Hattegga. Foto: Privat

Heilt på grensa

Den fyrste hunden som haka av på alle dei nemnde eigenskapane, heitte Old Hemp og vart fødd i 1893 i den vesle landsbyen West Woodburn, på grensa mellom Skotland og England. Mora var ein svart sauehund og faren ein brun, kvit og svart gjetarhund. Eigaren Adam Telfer såg tidleg at Old Hemp gjette sauer ulikt andre hundar.

Der andre hundar var høglydte og gjerne buste på, var Old Hemp mild i framferda. Han flytta sauene i det stille ved å posisjonere seg raskt og strategisk, medan han smaug seg rundt flokken, nesten som ein katt, med kroppen lågt mot bakken. Nokre gonger jobba han så intenst av han skalv.

Det var ikkje berre matfar som lèt seg imponere. Med åra fekk Old Hemp besøk av mange paringsklare tisper, og då han døydde, stod han lista som opphavet til over 200 kvalpar.

Halvor Tenden er kurshaldar for NSG og deltek ofte i konkurransar – mest av altfor å lære, og det gode miljøet, seier han sjølv. Han har vore på landslaget tre gonger og delteke på to VM, og kan også skilte med ein tredjeplass i NM for nokre år sidan. -Det er mange hundre som deltek i konkurransane kvart år, og nivået er skyhøgt. Det er utruleg mykje flinke folk og dyr, seier han. Foto: Privat

Berre nokre år seinare registrerte International Sheepdog Society han like godt som stamfaren til den nye rasen border collie: «Border» av det engelske ordet grense, ettersom han kom frå området mellom England og Skotland, og «collie» etter alle dei andre britiske saue- og gjetarhundane med namn som Scotch Collie, Smooth Collie og Rough Collie.

Kvart sitt språk

– Engelskmennene seier ein hund ikkje er brukandes om han ikkje kan handtere 100 sauer. Dei har jo store besetningar og ofte mange hundar som jobbar i lag og har lært å samarbeide, seier Tenden.

– Samstundes må jo også sauen vere trygg. Ein skremt sau er vanskeleg å flytte.

Halvor Tenden har eigen kennel til hundane sine, men det er alltid minst to hundar som spring lause på garden. -Om ein hund treng ekstra sosialisering, hender det eg tek han inn i huset, men grensesetting er viktig. Utan det, mistar dei fokus og blir vanskelege å dressere, seier han. Foto: Privat

Heime på Folkestad er det den seks år gamle hannhunden Ztripz og den fire år gamle tispa Tara som er favorittane til matfar. Dei er rake motsetningar. Ztripz er utolmodig og har uvanleg stor arbeidskapasitet, og blir mykje brukt på vanskeleg sauer som ikkje er vane med hund. Tara derimot, er lettstyrt og jobbar med høg presisjon, og fordi ho les sauen betre, heldt ho meir avstand.

Skilnadene er bra, seier Tenden, også fordi oppgåvene til ein gjetarhund omfattar mykje meir enn sauesank. Ein kan bruke hund når ein skal vaksinere, klippe og klauvskjere sauen, når ein skal skifte høyball og under rundballfôringa om hausten, når ein flyttar sauen inn og ut av fjøsen – eller til eit heilt nytt beite.

– Sauesanking er jo også samansett. Her på Vestlandet hender det me må sende hund opp bratte fjellsider på 200 høgdemeter, med ur, stup og bratte fjellhyller. Då er det små marginar, og viktig at ein har ein hund som meistrar slike oppgåver og er hundre prosent lydig.

På vestlandet kan hundane bli sendt opp bratte fjellsider på 200 høgdemeter, med ur, stup og bratte fjellhyller. Då er det små marginar, og viktig at ein har ein hund som meistrar oppgåva og er hundre prosent lydig. Foto: Privat

Sistnemnde fordrar respekt for føraren – eller flokkleiaren, som Tenden i praksis er:

– Eit godt leiarskap gir ein tillitsfull hund. Og tillit er ein ekstremt avhengig av når det er slutt på treninga med kommandoar på tjue meters avstand, og ein driv reell gjeting der hunden skal lystre beskjedar på over 500 meters hald.

Startar tidleg

Sjølv plar Halvor Tenden teste kvalpane si interesse for sau allereie ved tre-fire-månaders alder. Det er berre ei leikprega utprøving, understrekar han – ein kan ikkje krevje for mykje for tidleg:

– Sjå for deg at du skal få ein sau inn fjøsdøra. Då er det hunden sin jobb å jobbe i ein sirkel rundt sauen, så sauen skjønar at han ikkje kjem seg unna. Ein god hund jagar ikkje og går heller ikkje rett på, han gjetar og heldt sirkelen. Dei eigenskapane kan ein sjå tidleg.

Når det blir alvor, startar dei fleste å trene på såkalla skjerming, der hunden alltid skal halde seg på «klokka 12» i forhold til føraren. Om føraren går i ein sirkel mot venstre rundt sauen, gjer altså hunden det same på motsett side.

Heime på Stryn i 2013, med den yngste dottera Nina og dei firbeinte i familien. Foto: Privat

For å unngå at det blir ein kamp mellom hund og førar, brukar Tenden i staden ei lang line i starten for å vise hunden dei rette rørslene. Når hunden har lært kommandoar som «høgre» og «venstre», «gå inn» og «ligg», blir orda etter kvart erstatta av fløytesignal. Med fløyta tilfører han nyansar som gjer at hunden også forstår om han skal gå mot høgre heile vegen rundt saueflokken, eller berre flytte seg ein liten meter.

Tusen timar

Minimum 200 treningstimar, seier Tenden ein må belage seg på å bruke i dei to første leveåra, om ein vil ha ein «brukande» gjetarhund. Skal du ha ein hund som hevdar seg i nasjonale konkurransar, der Tenden ofte er å sjå med sine firbeinte, blir timetalet fort tusen i dei fire første åra. Etter det er det vanskeleg å lære ein hund noko nytt.

– Kvar hund har sitt eige språk, og eg sluttar aldri å la meg overraske over kva dei kan lære. Det er i det heile vanskeleg å tenkje seg eit liv utan hund, seier Tenden.

Tillit mellom hund og førar er avgjerande. Frå trening der hunden får kommandoar på tjue meters avstand, må dei under reell gjeting lystre beskjedar på over 500 meters hald. Foto: Privat

Sjølv om border collie er den mest populære rasen i Noreg og fleire av dei er brukshundar, synest Tenden det i sum er altfor få bønder som nyttar seg av gjetarhund i det daglege. Det er då også ein av grunnane til at han framleis er så aktiv i Norsk Sau og Geit; for å inspirere og rekruttere fleire.

– Dei som har ein god gjetarhund, vil aldri slutte med det. Og dei som driv med sau utan hund, veit verkeleg ikkje kva slags hjelp dei går glipp av.

Han flirer:

– Om du har over 100 vinterfôra sauer, men ikkje hund, då jobbar du tungvint. Då kan du like godt droppe traktoren også – det blir i grunnen mykje det same.

Kjelder: akc.org, nkk.no, wikipedia.org

Old Hemp vart fødd i 1893 i den vesle landsbyen West Woodburn, på grensa mellom Skotland og England, og er rekna som stamfaren til dagens border collie. Foto: Wikipedia
(faktaboks:) Ein folkefavoritt Anne Livø Buvik i Norsk Kennel Klubb, der 60 prosent av Noregs hundepopulasjon er registrert, seier til NPK at det i snitt har vorte oppført rundt 1100–1200 border collie-kvalpar kvart år dei siste åra, frå 800 på det lågaste, til 1701 i fjor. Med det vart border collie kåra til den mest populære hunderasen i Noreg for tredje år på rad. Samstundes fortel omplasseringsstaden «2 Save Me» til NRK at border collie også er den rasen flest no vil bli kvitt. Noko av årsaka er truleg at det er ein krevjande rase og som treng svært mykje fysisk og mental stimuli. Foto: Privat
Ztripz, matfars favoritt. foto: Privat