Førre veke kom det inn 176 førespurnader om avdragsfritak. Av desse er rundt 20 grunngitte i kjøp av julegåver, skriv VG.

– Det er eit bilete vi ikkje har sett før. Julegåve-handlinga startar no for fullt med Black Week og Black Friday som ofte er startskotet på innkjøp til jul. Dei som søkjer om avdragsfritak og er innanfor ei lånegrad på 60 prosent, vil normalt få søknadene innfridd, seier kommunikasjonsdirektør Christian Steffensen i Nordea.

Nordmenn kjem i år til å bruke 23.688 kroner i snitt kvar på mat, drikke og julegåver, har NHO Service og Handel tidlegare opplyst til NTB.

(©NPK)