Guten er skuleelev, og møtte i retten i førre veke. Han forklarte at han hadde sykla frå skulen i eit friminutt til eit hus i området. Der hadde han brukt stein til å knuse to ruter slik at han kunne komme seg inn i huset. Før han forlét bustaden, fekk guten med seg om lag 25.000 kroner i kontantar.

Etter innbrotet, sykla han tilbake til skulen og hadde gym, forklarte guten for dommaren. Etter gymtimen, sto politiet og venta på han. Då fann dei også ein kniv i jakkelomma hans.

Guten tilstod heilt og fullt.

Dommaren kom til at riktig straff for guten måtte vere 90 dagar ubetinga fengsel, med ei prøvetid på to år og med vilkår om at guten gjennomfører ungdomsoppfølging gjennom fire månadar. I tillegg må guten betale 6.000 kroner for reparasjon av vindauga.