– Frå 1. januar blir det auka prisar for dei fleste billettypar, og auken utgjer i gjennomsnitt 4,3 prosent. Dette motsvarar indeks for kommunal deflator som blir sett i statsbudsjettet. Billettinntektene går i sin heilskap tilbake til kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.

Det skriv Fram, som er namnet på det samla kollektivtilbodet som Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for i fylket, i ei pressemelding.

I pressemeldinga understrekar leiar for Fram marknad, Toril Karlsnes, at billettinntektene er viktige for at det framleis skal vere eit attraktivt kollektivtilbodet i fylket.

– Også kollektivtrafikken har fått auka kostnadar, slik som mange andre tenester i samfunnet, seier ho.

Ikkje alt stig

Det er ikkje absolutt alt som blir dyrare.

Ein såkalla Fram Ung-billett, som varer i 30 dagar, skal framleis koste 450 kroner.

Denne billetten gjeld for buss og hurtigbåt i heile fylket.

– Det kan vere verdt å merke seg at andre billettypar kan vere billegare dersom ein ikkje har behov for å reise i større delar av fylket, presiserer Toril Karlsnes.

Det blir også introdusert ei nyvinning i Fram Honnør, som skal koste 570 kroner.

Toril Karlsnes i Fram. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommunen

Dette blir dyrare

Mange må uansett ut med meir for å reise kollektivt i 2024.

Ein enkeltbillett på buss for vaksne vil koste alt frå 46 til 597 kroner, avhengig av kva sone ein reiser i (honnør og born mellom 23 og 298 kroner).

Periodebilletten vil variere frå 678 til 1627 kroner (honnør og born mellom 407 og 976 kroner).

På hurtigbåtane spørst det kva rute ein nyttar seg av.

Periodebilletten på strekninga Hareid-Ålesund stig til dømes til 2201 kroner for vaksne, frå dagens 2110 kroner, medan det kostar 130 kroner for ein enkeltbillett.

Ruta Ålesund-Hamnsund er noko billegare. Her kostar ein enkeltbillett for vaksne 115 kroner, medan periodebilletten blir på 2128 kroner.

Dei som nyttar seg av både buss og båt kan spare litt på å kjøpe Fram Vaksen- eller Fram Ung-billett.

Ruta Ålesund-Langevåg er klart billegare. Her kostar ein periodebillett for vaksne 1763 kroner. Ein enkeltbillett hamnar på 73 kroner.

Mange pendlar med hurtigbåt mellom Hareid og Ålesund. Dette tilbodet blir nesten 100 kroner dyrare per månad for vaksne frå 1. januar av. Foto: Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet Vestposten