Oppdatering: - Mannen er rusa, men uskadd. Han blir framstilt for lege for blodprøve, opplyser politiet klokka 09.45.
Ein båt har søndag morgon køyrt seg på land på Godøya i Giske kommune.
- Vi har vore i kontakt med ein person som er om bord - ein mann. Vedkommande virkar til å vere rusa, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til smp.no.
Det er førbels ikkje meldt om at nokon er skadd som følgje av hendinga.